Ansvarslause eigedomsmeklarar

I fjor sommar kjøpte eg leilegheit i sentrum. Det skulle visa seg å verta eit lite mareritt for meg.

MANGE RØYNSLER RIKARE: For meg gjekk det bra, seljar gjekk med på å heva kjøpet utan at den juridiske sida av saka vart nærare vurdert. Eg gjekk glipp av leilegheita, men er mange røynsler rikare, skriv innsendaren. Illustrasjonsfoto: Scanpix Foto: illustrasjonsfoto: scanpix

  • Toril Mongstad
    Lindås
Publisert:

Oppslaget i BT laurdag 4.10 - «Draumebustaden var ei brannfelle» - set mellom anna søkjelyset på eigedomsmeklaren. Det er viktig, og det er grunn til å stilla spørsmål om meklaren si rolle og ansvar. På visning såg det flott ut. To veker etterpå starta marerittet for Cecilie (22).

Då eg kjøpte leilegheit i sentrum i fjor, er det berre takka vera ein særdeles forståelsesfull og imøtekomande seljar at eg kom heldig frå kjøpet.

Kva skjedde? Jau, etter at kontrakten var skriven, men før overtakingsdatoen, hadde eg tre forskjellige målarmeistrar på synfaring for å få tilbod på målerarbeidet.

Vanleg målingsslitasje stod det i det glansa prospektet frå eigedomsmeklar, det same stod det i takstmannen si vurdering. Samtlege målarmeistrar meinte nei; det som kom fram som gråsvarte striper i tak og på vegger, var noko heilt anna. Mest truleg var årsaka til dei tydelege merkene lekkasje og skade i betong.

Eg hadde sjølv reagert på dette på visninga, men eigedomsmeklaren forsikra meg om at det berre var målingsslitasje, «to strøk måling så er leilegheita som ny», sa han.

Avviste påstand om skade

Målarmeistrane sine utsegn var nok til at eg vart meir enn skeptisk. Eg tok saka opp med eigedomsmeklar og med takstmann. Begge avviste at det var snakk om fukt og lekkasje eller annan skade, og dei stilte seg i det heile nokså avvisande til det eg tok opp. Noko ansvar for dette ville ingen av dei ha eller ta. Eigedomsmeklar gav klar melding om at dersom eg ikkje overførte salssummen til rett tid, kunne det verta dyrt for meg.

Seljar var den som tok saka alvorleg. Overtakingstidspunkt vart utsett, styret i sameiget vart engasjert, og spesialistar vart henta inn for å sjå på omfanget av skaden. Dette drog ut, og det vart nemnd at kanskje skaden kunne verta utbetra fram mot årsskiftet, kanskje ville det gå lenger tid. Kanskje ville det ikkje verte utbetra i det heile.

Ikkje omfatta av forsikringa

Eg hadde boligkjøpforsikring hos Help forsikring. Den vart formidla av meklar. Når vanskane oppsto, viste det seg at forsikringa ikkje omfatta eventuell sak mot meklar. Smart for meklar å sikra seg og stå på utsida, ikkje fullt så heldig for meg. Skulle eg gjera noko ovanfor meklar, måtte eg søkja hjelp utanfor forsikringsselskapet, og kostnadene med det var ikkje omfatta av forsikringa.

Når vanskane oppsto, viste det seg at forsikringa ikkje omfatta eventuell sak mot meklar

Undervegs i prosessen fekk eg oversendt styreprotokollar og årsmeldingar for sameiget. Av dei gjekk det tydeleg fram at denne typen skade var eit problem i fleire av leilegheitene, og det var ikkje funne tilfredsstillande løysing på fenomenet. I tillegg kom det fram at det hadde vore lekkasje i garasjeanlegget. Det stod det ingenting om i prospektet, heller ikkje i takstmannen si utgreiing.

Må stola på meklar

Det er verkeleg grunn til å etterspørja meklar — og takstmann - si rolle. I mitt tilfelle har meklar kontor i same bygg som eg kjøpte leilegheit i, og har såleis hatt tilgang både på styreprotokollar og årsmeldingar. Likevel vart ikkje noko nemnd om skader og lekkasje.

Bustadkjøp er for dei fleste privatpersonar den største investeringa i livet. Kjøpar er som oftast ikkje fagperson, og må såleis stola på meklar, takstmann og seljar. Likevel er det kjøpar det vert peika på når noko oppstår. Meklar hevda fleire gonger at undersøkjingsplikt og ansvar låg på meg som kjøpar.

Skepsisen til bransjen har auka

For meg gjekk det bra, seljar gjekk med på å heva kjøpet utan at den juridiske sida av saka vart nærare vurdert. Eg gjekk glipp av leilegheita, men er mange røynsler rikare. Og skepsisen min til eigedomsmeklarbransjen har auka. Her er det verd å nemne at klage mot eigedomsmeklar ikkje førte fram.

Andre er langt meir uheldige enn eg var, og då vert erfaringa tilsvarande dyr. Ser ein på utfallet i saker som vert sendt til klagenemnda for eigedomsmeklarar, er resultatet nedslåande for kjøpar. Heller ikkje her ser det ut til at meklaren sitt ansvar vert tatt alvorleg.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg