Vi er ikkje eit kortsiktig engasjement

DEBATT: Klimastreiken har vore ein portåpnar for fleire tusen ungdommer.

Publisert:

MEDLEMSVEKST: Det er ein grunn til at det er Grøn Ungdom og Natur og Ungdom som har medlemsvekst etter streikane, og ikkje Høgre, skriv innsenderane. Foto: Rune Sævig

Debattinnlegg

  • Vilja Bøyum
    Leder i Hordaland Natur og Ungdom
  • Pauline Tomren
    Fylkesleiar i Grøn Ungdom Vestland og 3. kandidat til fylkestinget for MDG

På laurdag oppfordra Tom-Christer Nilsen frå Høgre klimastreikarane til å engasjere seg i politikken og organisasjonar. Vi takker for utfordringa, men kan melde at både vi - og resten av ungdommen - har komme dei vaksne i forkjøpet. I sist veke fikk både Grøn Ungdom og Natur og Ungdom mange nye medlemmer.

La det ikkje vere noka tvil: Vi er ikkje eit kortsiktig engasjement. Vi er ungdommar som har prøvd å rope høgt i årevis utan å bli høyrt. Vi er frustrert over at foreldregenerasjonen ikkje er villige til å gjennomføre dei tiltaka som trengs for å kutte dei norske utsleppa like mykje som vi er plikta å gjere.

  1. Pauline Tomren. Foto: Foto: Rauand Ismail

  2. Vilja Helle Bøyum. Foto: Foto: Privat

Nilsen skriv at miljøpolitikken til Noreg går rett veg, men det stemmer ikkje: Medan Sverige har kutta utsleppa sine med nesten 25 prosent kvar siden 1990, har Noreg sine utslepp aukt med 3 prosent.

Vi har ei regjering kor Høgre kjemper for å tillate dumping av gruveslam i sårbare fjordar, og ein fjerdedel av innsekta våre står i fare for å bli utrydda.

Derfor tar vi til gatene og tar engasjementet inn i politiske ungdomsparti og miljøvernorganisasjonar. Men det er ein grunn til at det er Grøn Ungdom og Natur og Ungdom som har medlemsvekst etter streikane, og ikkje Høgre.

Vi vil gjerne invitere Nilsen til å delta saman med oss. Han er nok litt for gammal til å vere med i våre organisasjonar, men er hjartleg velkommen til å melde seg inn i moderorganisasjonane våre som tar Klimaopprøret på alvor.

For å ivareta demokratiet er det også viktig med organisasjonar utanfor dei politiske partia. Når politikarane ikkje prioriterer den viktigaste saka for vår tid - miljø - er det viktig å ha organisasjonar som kan ta tak frå sidelinja utan å bekymre seg for å miste stemmer ved neste val.

Klimastreiken har mest av alt vore ein portåpnar for at fleire tusen ungdommer har fått høve til å engasjere seg og melde seg inn i ein organisasjon eller eit politisk parti.

Fram til regjeringa til Nilsen kan møte oss på krava våre, kjem kampen til å helde fram. I partia, i organisasjonane og i gatene.

Publisert:
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg