Kloden kokar. Lik og del.

Temperaturen stig, både på jordkloden og i ordskiftet om klima og miljø.

Publisert Publisert

TAR AV: Facebook-gruppa «Folkeopprøret mot klimahysteriet» vart oppretta 7. februar. Fredag hadde gruppa vakse til 125.000 medlemmer.

Debattinnlegg

  • Peder Lofnes Hauge
    Medlem av Bergen Venstre
  1. Leserne mener

Då Knut Amundsen (68) frå Askøy fekk høyre at klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) på vegner av regjeringa kunngjorde at Noreg skal skjerpe klimamåla, tok han klimasaka i eigne hender. Han starta Facebook-gruppa «Folkeopprøret mot klimahysteriet».

Når eg skriv dette, har gruppa over 120.000 medlemer. Det kan i og for seg vere eit viktig signal til styresmaktene – dei er lei av «klimahysteriet». På ei anna side er dei ikkje stort fleire enn talet på Venstre-veljarar – så om dei verkeleg vil gjere noko for saka si, kan dei jo til dømes stille til val og søkje makt.

I Facebook-gruppa hissar dei kvarandre opp i møte med likesinna. Dei er forarga over «karrierepolitikarane utan kontakt med grasrota», den urbane eliten, klimakur, utsleppskutt og anna jåleri.

Peder Lofnes Hauge Foto: Privat

Det er openbert eit politisk ansvar å få borgarane med på det heilt naudsynte grøne skiftet. Det må løne seg å ta miljøvenlege val. Men vi har ikkje tid til å vente på at gulrøtene skal freiste meir enn det raude kjøtet. Det må også pisk til. Dei som slepp ut mest, må betale mest.

For heilt alvorleg:

Kloden kokar, menneske blir drivne på flukt. Dei menneskeskapte klimaendringane er ein realitet, og det nettaktivistane på Facebook kallar «hysteri», er berre menneskeskapte klimaløysingar. Dei hastar. Om Amundsen og dei 120.000 venene hans loggar av Facebook og loggar på den verkelege verda, vil dei sjå at tilgangen på vatn minkar, at skogar brenn, at brear smeltar og at korallrev dør.

Les også

Hva gjør vi når havet stiger? Forskere foreslår en ekstrem, gigantisk demning fra Norge til Skottland.

Samstundes sit altså privilegerte nordmenn og hamrar laus på tastatura sine. Dei sutrar over statsråd Rotevatn sine klimatiltak, Venstre, MDG-Lan, sykkelvegar, bybane og elbilfordelar.

Det blir sikkert moro for dei 120.000 nettaktivistane å sjå barnebarna sine i auga og fortelje kor modige dei var då dei i 2020 melde seg inn i ei Facebook-gruppe for å vise fingeren til den urbane klima-eliten i byane som «ikkje forstår vanlege folk» – og som dessutan berre stør seg på kunnskapsrike forskarar som visstnok skal ha oss til å tru at temperaturen stig og at vi tar livet av vårt eige livsgrunnlag.

Det blir neppe like moro for barnebarna.

Publisert
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg