Bensin- og dieselbilar er inne i sine siste år
Vi står føre ein revolusjon innan måten vi eig og brukar bil på. Den skal vi helse velkomen.
- Alfred Bjørlo (V)Ordførar i Stad (og cand. scient frå UiB)


Tidlegare Volvo-sjef Per Gyllenhammar sa ein gong at han syntest det var sørgeleg at nokon i det heile tatt hadde funne på å bringe bilen inn i sentrum av store byar.
Bilen er laga for å rulle der det er plass, ikkje for å stampe i kø der det ikkje er plass.
Det er ei sanning som er like gyldig i dag. Bilen er ei fantastisk oppfinning, ei «fridomsmaskin», som er og vil vere ein føresetnad for å leve gode liv i store delar av vårt langstrekte og spreiddbygde land.
Men bilane i framtida - og bilbruken i framtida - vil vere annleis enn i dag.
Klarer vi å løfte det perspektivet, i staden for å hamne i ein grøftedebatt om bilen som anten den sjuande landeplaga, eller ein reiskap som middelaldrande menn har ein sjølvsagt rett til å dundre fram gratis med overalt, kan vi kome ut av uføret.
Må vi slutte å dra på helgeturer?
Det som er sikkert, er at bilbruken vi har vent oss til dei siste 40-50 åra, ikkje er berekraftig. Den fossile forbrenningsmotoren har tent si tid godt, men er no inne i sine siste år.
Det som kjem i staden - elektriske bilar med stadig meir effektive motorar og lengre rekkevidde - vil bli ei fullgod erstatning, også når det gjeld køyreglede og fridom.
Men elbilar er berre ein liten del av endringane som er på veg. I dag står ein gjennomsnittleg bil i ro 96 prosent av tida. Kvar tredje biltur er under tre kilometer (samtidig som vi stadig blir meir overvektige), og vi køyrer stadig oftare aleine i bilen.
Slik kan vi ikkje ha det. Det burde det vere mogleg å samle seg om, også for bompengemenn som er uroa over kostnader og sløsing med skattebetalarane sine pengar.
For det første bør det vere fullt mogleg å erstatte mange av dei korte bilturane med sykkel eller gange, også på mindre stader. Det handlar sjølvsagt om å byggje ut gode sykkel- og fotgjengarvenlege tettstader, men like mykje om å snu gamle vanar.
I Eid startar vi til dømes med ei gratis utlånsordning for elsyklar og elektriske varesyklar, for at fleire skal få smaken på dette som eit alternativ til korte bilturar.
For det andre bør trenden med bildeleordningar, som no er på full fart inn i dei største byane, spreie seg raskt over heile landet. Å ha tilgang til ein «flåte» av ulike bilar for ulik bruk, er strengt tatt også ein fridomsrevolusjon, samanlikna med å ha berre éin eller to bilar, som du må nytte til alt frå søndagsdate med kjærasten til transport av møkkete ungar frå fotballkamp og frakt av terassebord til hytta.
Eg forstår at mange som er avhengige av bilen i kvardagen er uroa over bompengedebatten, som no blir ført i rikspolitikken med dei store byane som kamparena. Landet er mangfaldig. Ein kamp for bilfrie storbysentra utan kork og kaos er ikkje direkte overførbart til store deler av landet elles.
Du skal ikkje lenger ut av Oslo sentrum enn til Lillestrøm og Sandvika - eller frå Bergen sentrum til Arna eller Askøy - før bilbruken til folk flest liknar meir på den i Hammerfest og Stryn enn i storbyen.
Bilen gjev fridom og vil halde fram å gjere det inn i framtida. Men bilen har lite i sentrum av ein storby å gjere, og vi står føre ein revolusjon innan både bilteknologi og måten vi eig og brukar bil på. Den skal vi helse velkomen.
Alt vi er glade i, må endre seg for å overleve.
Som Bruce Springsteen seier det i «Growin up»: «I found the key to the universe in the engine of an old parked car.»
I framtida finn vi kanskje den nøkkelen i ein sjølvkøyrande, lekker elektrisk cabriolet som rullar inn framfor deg når du skal ut på din fyrste date for å sjå på solnedgangen ved havet.
Langs ein veg der ingen bybane nokonsinne vil gå.