Øving gjer meister – og lekser er øving

Eit kutt av lekser i grunnskulen vil bety at ein øver for lite.

Publisert Publisert

SKEPTISK: At ein skal greie å kompensere for leksekutt gjennom auka motivasjon, lærelyst og mindre stress, har eg avgrensa tru på, skriv innsendaren. Foto: Barmaleeva / Shutterstock, NTB scanpix

Debattinnlegg

  • Leif Inge Eide
    Undervisningsinspektør, Stanghelle skule
  1. Leserne mener

For å bli flink til å spele fotball, må ein øve ofte. Vil ein bli veldig flink, må ein øve veldig ofte. Det same gjeld om ein vil bli flink til å spele gitar, ishockey eller trommer. Eller om ein vil bli god til å snikre, mure eller teikne.

Eller game, for den del.

Ein erfaren snikkar er flinkare enn ein snikkarlærling. Først og fremst fordi han har praktisert lenge, øvd mykje.

Les også

Tiden er overmoden for å tenke nytt om lekser

Ole Gunnar Solskjær blei profesjonell fotballspelar og ein frykta målscorar av internasjonalt format. Han øvde timevis kvar dag. Kan det hende at det er slik med skulefag også? Kan det hende at dersom ein vil bli flink i matematikk, så må ein øve ofte? Og kva med lesing eller engelsk?

Ifølgje «Ordinær fag- og timefordeling» for grunnskulen for 8.–10 trinn, skal elevane totalt ha 313 timar matematikk i løpet av dei tre åra på ungdomsskulen. Det gir eit snitt på 2,75 timar pr. skuleveke. Det er 38 skuleveker i løpet av eit skuleår.

Er dette nok til å bli god i matematikk? Eller må ein øve litt i tillegg? For engelsk er talet 222 timar i løpet av ungdomsskulen, eit snitt på 1,95 t pr. skuleveke. Kan ein bli god i engelsk av det? Neppe. Men her øver og praktiserer mange elevar svært mykje på fritida.

Ein elev som gjekk på vidaregåande skule, sa i ein diskusjon med meg: «Det er nesten litt skummelt, men eg føler faktisk at eg uttrykker meg betre på engelsk enn på norsk.»

Det i seg sjølv kan vere grunnlag for ein heilt annan diskusjon, men viser trass alt at mykje øving gjer meister – og lekser er øving.

ØVING GJER MEISTER: Kan det hende at dersom ein vil bli flink i matematikk, så må ein øve ofte, skriv innsendar Leif Inge Eide. Foto: Vaksdal Kommune

Å kutte lekser er å øve mindre. Med så avgrensa tid kvart fag i noverande skuledag har, betyr eit leksekutt at ein øver lite. Ganske lite.

At ein skal greie å kompensere for dette gjennom auka motivasjon, lærelyst og mindre stress, har eg avgrensa tru på. Eg trur ein må øve ein god del for å bli god, meir enn ganske lite.

Skulen har også ei oppgåve i å utvikle robuste menneske. Menneske som skal meistre livet med dei utfordringar og krav det inneber. Både på godt og vondt. Eg er usikker på om det er god medisin å fjerne flest mogeleg utfordringar for at unge menneske skal møte minst mogeleg motstand i tilværet.

Eg heller nok meir mot at ein må lære elevar å takle utfordringar på best mogeleg vis. Både i høve utdanningsløpet og elles i livet. Også dei utfordringane som ikkje er knytte opp mot å ha det kjekt og gjere det ein til ei kvar tid har mest lyst til.

Eit godt alternativ til leksekutt kan vere ein utvida skuledag, gjerne i form av heildagsskule, der ein både syter for måltid og tid til lekser med profesjonell hjelp. Då vil alle elevar kunne få gode treningsøkter, leia av profesjonelle instruktørar. Slik alle elevar fortener.

Likskapstanken vil vere stetta. Ikkje likskap til å lære mindre, men likskap til å lære meir.

Publisert
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg