Dei nyttige idiotane

Terroristane som angreip Paris ser etter nokon som kan videreføre deira aksjon. Ikkje bli ein av deira nyttige idiotar.

IS: Ikkje bli ein av terroristanes nyttige idiotar, skriv Morten Myksvoll, etter angrepet på Paris.
  • Morten Myksvoll
    Morten Myksvoll
    Redaktør i tyrkiskpolitikk.no og tidligere Frp-politiker
Publisert Publisert
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.
DANSEPARTNARAR: Høgreekstreme står klar til å vere deira nyttige idiotar, jihadistane sine dansepartnarar, skrivMorten Myksvoll i dette debattinnlegget.
icon
Denne artikkelen er over seks år gammel

Terrorangrepa i Paris er tatt rett ut av læreboka til terrororganisasjonen IS, men er berre første del av planen. Den neste delen står høgreekstreme for. Valdelege islamistar – jihadistane – er avhengig av valdeleg motreaksjon for å lukkast med terroren. Dei vil starte ein sivilisasjonskrig mellom Vesten og all verdas muslimar, og for å klare det treng dei at me hatar ordinære muslimar. No ser flyktningane ut til å vere målet.

Les også:

Les også

«En mann roper høyt, på et ukjent språk. Panikk. Folk løper, jeg løper etter.»

Flyktningstraumen har ført til ei frykt for at det kunne vere terroristar blant dei mange titals tusen med beskyttelsesbehov som går gjennom Europa. Denne frykta har IS sjølv vore med på å skape – tidlegare i år sa dei at dei forsøkte å smugle seg inn via flyktningrutene. Det er fullstendig ulogisk at IS må frakte terroristar til Europa gjennom flyktningstraumen, fordi dei allereie har sympatisørar som reiser til Syria for å kjempe – mange skal òg ha returnert til Europa tidlegare.

Det som er målet , er reisa i seg sjølv. Då politiet fant eit syrisk pass på ein av terroristane, og nyheten om at han skal ha tatt seg inn i Europa via Hellas, er det egna til å skape frykt. Dette er eit nytt anslag, som kjem i tillegg til granatane og kulene. Dei skal få oss til å hate flyktningane. Dei vil at me skal frykte dei som kjem no, og helst vil dei at me skal reagere med vald mot muslimar. Passet kan vere forfalska, slik at IS får reisehistorien dei treng, men dei høgreekstreme vil aldri sjekke kva som faktisk stemmer. Høgreekstreme er like avhengige av jihadistane for å bekrefte sitt eige forkvakla syn, anten det vert spreidd i kommentarfelt eller nettforum, eller om dei faktisk bruker vald.

Les også:

Les også

Her minnes U2 de døde

Strategien er omtal t i eit IS-magasin som kom ut i februar. Dei vil eleminere gråsona mellom religionane, mellom oss i vesten og muslimar. Dei gjer George W. Bush sitt sitat om til sitt eige, og skriv «anten er du med korstoget, eller så er du med islam.» Målet til IS er at denne polariseringa skal styrke rekrutteringa til deira forkvakla religiøse utskott.

Høgreekstreme står klare til å vere deira nyttige idiotar, jihadistane sine dansepartnarar. Ikkje bli ein av dei. La myndigheitene stå for motreaksjonen. Me andre kan gå på frivilligsamlingar for eit nyoppretta asylmottak, bli flyktninguide eller gjere noko anna for lokalsamfunnet vårt. På den måten nedkjempar me ideologien til terroristane litt etter litt, og gråsona som IS snakkar om, blir bevart.

Les også:

Les også

- Det verste er følelsen av ikke å kunne gjøre noe

Publisert