Bergen gjer ikkje jobben sin

Bergen har ikkje forstått kva ansvar det medfører, og Vestlandet har ikkje ønska seg ein hovudstad.

Publisert Publisert

SYMBOL: Bergen har burettslag som er større enn mange kommunar, men å vere hovudstad betyr meir symbol enn fakta. Det er ikkje nok å seie at ein er hovudstad, ein må vere det òg, skriv Morten Myksvoll. Arkivfoto: Ørjan Deisz Foto: Ørjan Deisz

Debattinnlegg

  • Morten Myksvoll
    Redaktør i tyrkiskpolitikk.no og tidligere Frp-politiker

Bård Vegar Solhjell starta ein ny runde med bergensk sjølvransaking då han slo fast at Bergen ikkje var hans hovudstad, og at byen ikkje representerte motkulturane som har dominert på Vestlandet. Det er ikkje mykje å seie på historieforteljinga, for Bergen har vore — og oppført seg som - fråkopla frå omlandet. Den naturlege vestlandshovudstaden gjer ikkje jobben sin, men det er mogeleg å rette på det.

Ung_og_lovende-Morten_Myksvoll.jpg

I det daglege har Vestlandet mykje til felles, men spørsmålet er om vestlendingen har det. Det er god grunn til å stille spørsmål ved om Vestlandet har ein eigen og felles identitet som skil oss frå resten av landet. Den kanskje tydlegaste identitetsmarkøren vår er at me mislikar eller mistrur naboen og nabofogderiet. Det er eit dårleg grunnlag for ein regional brorskap. Skepsisen mot sentralmakta deler me, men den aksen er definitivt til stades internt i regionen òg. Bergen er eit velvillig offer.Solhjell:

Les også

Min by. Men ikkje min representant.

For altfor mange er Bergen ein enklave. Det har vore eit faktum frå gamle tider, formelt fram til 1972, men det er ei førestilling som me held fast på — både i og utanfor bygrensene. Bergen er seg sjølv nok, vert det sagt, men kvar gong Bergen ser ut mot omlandet, vert det møtt med mistru. I nyare tid har me både havnesaka, fleire vegspørsmål og Lærdalsbrannen som tydelege døme. Omlandet er i seg sjølv eit problematisk omgrep, for det er ikkje akkurat slik at Vestlandet utanfor Bergen er særleg einskapleg.

Problemet er nok at bypolitikarane for sjeldan engasjerer seg i regionale spørsmål. Men det er forståeleg når reaksjonen som oftast tenderer til antiimperialisme.

Myten om den introverte byen er noko bergensarane elskar å vedlikehalde. I BT-podkasten Debattert vart Bergen Næringsråd - min tidlegare arbeidsplass - stempla som «seg sjølv nok», og at dei ikkje tenkjer regionalt. Frank Aarebrot kunne ikkje tatt meir feil, men det passar til myten. Enklaven består.

Podkast:

Les også

- Bergen er ikke min vestlandshovedstad

Debatten om fergefri E39 er eit einsleg døme på at Vestlandet har klart å samle seg om eit felles behov, og dei enorme fjordkryssingane vil binde oss tettare saman i dagleglivet. Skal me samle Vestlandet, må me likevel byggje meir enn vegar. Skal me lukkast med å samle vestlendingane om noko genuint felles, så er det ikkje berre Bergen som må endre seg — men Bergen må endre seg.

Solhjell har heilt rett når han seier at Bergen er vestlandshovudstaden i hovuda til fleire politikarar og næringslivstoppar. Denne illusjonen baserer seg blant anna på at Bergen er størst, som om det har så mykje å seie. Sjå berre på aust-vest-utgreiinga, der Bergen vert forsøkt redusert til ein gjeng hytteturistar. Me har burettslag som er større enn mange kommunar, men å vere hovudstad betyr meir symbol enn fakta. Det er ikkje nok å seie at ein er hovudstad, ein må vere det òg. Ein hovudstad må favne omlandet sitt.

Bergensaren må bli meir audmjuk:

Les også

«Det er truleg for seint for Bergen»

Vegen til ein reell vestlandshovudstad går neppe gjennom dei gamle markørane. Det er nemleg lite truleg at det er pietismen eller avhaldsrøyrsla me skal basere oss på framover, verken i eller utanfor Bergen. Målsaka, derimot, ligg fast. Byen beveger seg i ein stadig meir nynorskvenleg retning, og det er lenge sidan den politiske leiinga var eit reelt problem for målsaka. Det gjenstår likevel mykje, for den største handsrekkinga byen kan gjere mot omlandet ligg nettopp her, i språket. Me byggjer ikkje region eller identitet i veg— eller havnespørsmål. Nynorsken må slå rot i byen.

Identiteten vår er i endring, og kanskje den største styrken for Vestlandet er å lære av det ekstroverte, det utadretta Bergen. Byen har alltid vore internasjonal, og det må det eksportretta Vestlandet dyrke. Bergen må riste av seg den siste resten av nynorskhat, og omlandet må tru betre om Bergen.

— Vi trenger Bergens arroganse:

Publisert
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg