Frivilligheit, liksom

I Øygarden har prosessen frå dag ein vore udemokratisk.

IKKJE DEMOKRATISK: For SV har fråvær av demokrati i samanslåingen vore det verste, skriv Aud Karin Oen (SV). Biletet er frå samanslåingsfest med ordførarane Børge Haugetun (Øygarden) Kari Anne Landro (Sund) og Marianne Bjorøy (Fjell). Eirik Brekke

Debattinnlegg

Aud Karin Oen
SV, Kommunestyrerepresentant Øygarden kommune

Når ordførar i Fjell, Marianne Sandahl Bjorøy brukar samanslåinga i Fjell, Sund og Øygarden som døme på friviljug samanslåing, då kjenner eg meg så provosert at det krevjast eit tilsvar. Ho seier: «Grunnmuren i den nye kommunen er bygget på frivillighet og en felles forståelse av at vi vil dette sammen. Ordførerne i disse tre kommunene har avholdt folkemøter der vi har stått side om side og argumentert for både fordeler og ulemper.»

Det kunne dei i grunnen spart seg for. Her i Øygarden tok dei ikkje til etterretning innbyggjarundersøkinga som gav eit klart råd til politikarane med 52 prosent mot og 36 prosent for.

I aldersgruppa 16–29 år var det heile 63 prosent mot og berre 27 prosent for. Ikkje ville ein ha folkerøysting. Er det ein god prosess? Er det å la innbyggjarane delta? Er det friviljug?

Les også

Regjeringen og støttepartiene enige om å slå sammen nesten 100 kommuner

Når Fjell-ordføraren påstår at prosessane i dei tre kommunane har vore god, er det nesten ikkje til å tru og syner ein enorm arroganse. Om prosessane i Sund og Fjell skal eg ikkje uttala meg, men i Øygarden har den frå dag ein vore udemokratisk. Den største partilista, Tvø og ordførar Børge Haugetun, lova folkerøysting og var mot kommunesamanslåing i valkampen, men snudde beint rundt etter valet og tok motsett standpunkt.

For SV har fråvær av demokrati vore det verste. Det finst argument både for og mot samanslåing. Det minste ein kan forvente av politikarar, er at dei står på programmet som dei er valt inn på. I Øygarden vart folket overkøyrt og demokratiske spelereglar var fråverande. Friviljug er ikkje eit ord som kan nyttast på denne prosessen. SV er ikkje mot kommunesamanslåing som prinsipp, men det må vera eit fleirtal for det og demokratiske spelereglar må følgjast.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg