Eg elskar Nikolai Astrup!

Nikolai Astrup representerer ein negasjon av vår tid, og fangar vår tid si lengt etter ro, harmoni og balanse.

UTSTILLING: På Kode 4 kan man sjå verket «Fødselsdag i hagen» av Nikolai Astrup.

  • Anneli Belsvik Aras
Publisert:

Idet eg ser ein frodig seinsommaridyll i verket «Fødselsdag i hagen» (udat.), søkk pulsen min og eg finn ro. Motivet fyller meg med glede og harmoni. Her er ikkje noko stress, ingen skal rekke noko, alle er til stades med heile seg, og det er nok. Gjestene ser på kvarandre medan dei pratar saman. Det er tilstrekkeleg. Ingenting meir vert kravd. Eg kan høyre kva eg tenkjer. Astrup skildrar eit sakn eg kjenner att i min eigen kvardag. Vener som dyrkar fram eigne grønsaker i Fløen parsellhage, mi eiga foredling av bær og frukt dyrka i eigen hage.

I slike aktivitetar skaffar me oss ein pause frå effektivitet og prestasjonskrav som pregar vår tid. Til og med når me nyttar naturen til rekreasjonsføremål, må me opp på ein fjelltopp for å poste ein selfie derifrå. I vekedagane køyrer me til treningssenteret for å springe på ei tredemølle, eller ta ein yogatime for å få kontakt med (eigen) kropp. Når helga kjem, skundar me oss til hytta for å slappe av.

Det er for å minne oss om at ein annan kvardag er mogeleg, at me skal oppsøkje Nikolai Astrup. Han minner oss om ei verd med mange daglege gjeremål, men utan krav om effektivitet og prestasjon. I «Fødselsdag i hagen» viser han oss ein dag utan andre krav enn det å vere til stades. Vere til stades i seg sjølv og for kvarandre.

Oppleve fellesskap. Kjenne at pulsen søkk. Å besøkje Astrup-utstillinga på Kode 4 kjennest litt som å få jord under neglene, kjenne tilknyting til naturen rundt oss, og vurdere busetjing i økolandsbyen på Osterøy. Eg trur det er difor eg ikkje er åleine i å elske Nikolai Astrup.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg