Tanken om fire nye år med Erna er langt frå dødfødt

Alternativet er ei sosialistisk regjering med høgare skattar, fleire reguleringar og mindre lokaldemokrati.

Vi har inga interesse eller ønske om å samarbeide med Senterpartiet, skriv stortingsrepresentant og leiar i Vestland Høgre Liv Kari Eskeland i sitt svar til Jens Lorentzen.
  • Liv Kari Eskeland
    Vestland Høgre, Stortinget
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over to år gammel
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Det var ein spesiell politisk analyse presentert frå tidlegare Høgre-politikar, og mangeårig ekskludert frå partiet, Jens Lorentzen i BT 20. mars.

Ikkje berre meiner han at Høgre har eit dødfødt prosjekt, men at vi har òg skove frå oss ein elles naturleg samarbeidspartnar i Senterpartiet.

Les også

Innlegget ho svarer på: «Sp har nøkkelen. Høyre har allerede tapt»

Vel. For det første, så er fire nye år med Erna Solberg og Høgre i regjering langt frå eit dødfødt prosjekt. Høgre har vore Noregs største parti sidan april i fjor. Så viser kanskje ikkje målingane eit borgarleg fleirtal no, men det gjorde dei heller ikkje i mars i 2017. Det er lenge til valet. Tidlegare denne månaden leverte Høgres programkomité eit nytt forslag til partiprogram, som var fullt av nye idear og betre løysingar for Noreg.

For det andre, så er det ikkje Høgre som har skove frå seg Senterpartiet. Vi har inga interesse eller ønske om å samarbeide med Senterpartiet – fordi partiet sidan 80-talet har tatt fleire sjumilssteg til venstre i norsk politikk, og er no på mange måtar å rekne som eit sosialistisk parti.

Det er forståeleg at folk ikkje ser på Sp som den naturlege samarbeidspartnaren for SV og Ap som dei eigentleg er. Sp liker ikkje å snakke om skulepolitikken sin, eller at dei skal auke skattane. Vedum vil heller snakke om at avgiftene skal ned og kor mykje han elskar dieselbilar. Problemet er berre at Sp og Vedum seier éin ting i pressa og gjer noko anna i Stortinget og i sine alternative budsjett.

Trygve Slagsvold Vedum seier éin ting i pressa og gjer noko anna i Stortinget og i sine alternative budsjett, meiner Liv Kari Eskeland. Her er Sp-leiaren med sin nye Oslo-representant, Jan Bøhler.

La oss ta dieselbilen som første døme. Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum går kanskje hardt ut i pressa og tar «kampen for dieselbilen» i VG, men så viser det seg at Oslo Senterparti hadde stemt med vennene sine Ap og MDG og for eit dieselforbod.

Det same gjeld valløfta deira. Å føre tilbake små lensmannskontor, reversere regionsreforma eller kornlager er anten ikkje nemnde i deira alternative budsjetta eller så er det svært underfinansiert.

Og kva med lokalt sjølvstyre? At det er lokalpolitikarar der ute i distriktskommunane som best veit kvar skoen trykker og derfor skal kunne bestemme over sitt eige lokalsamfunn bør ligge fast. La oss sjå nærare på tala. Då Senterpartiet sett i Kommunaldepartementet fekk kommunane tvert nei av regjeringa i seks av ti saker. No som Høgre styrer Kommune-Noreg, får dei ja eller delvis ja i åtte av ti saker.

Dette er ein oppdatert statistikk over kor mange gonger departementet har gitt medhald til innvendingar fra Fylkesmannen/Statsforvalteren (rødt).

Lorentzen tek truleg feil når han seier at Sp og Ap kan danne ei regjering i fred, utan å måtte svelgje kamelar frå SV, MDG eller Raudt. Her står Vedum i ein vond spagat mellom sine eigne lokale politikarar som ofte er meir borgarlege enn Arnstad-fløya i partiet som ligg langt til venstre. Viss Sp vinn valet til hausten, vil det nok strekke godt i lysken – for det er ikkje ein spagat det er mogeleg å kome seg unna.

Det er lenge igjen til valet. Senterpartiet gjer det godt på målingane, men kan ikkje lenger le seg bort frå vanskelege spørsmål. Vedum må svare på samarbeidet med SV, sin svært mangelfulle skulepolitikk og kva som eigentleg er alternativet til EØS-avtalen.

Så får vi sjå kven som sit igjen med nøkkelen når desse spørsmåla er svara ut.

Publisert: