Anders Skoglund

Det nærmar segfrigjeringsdagen. Ein dag me skal markera med respekt ogtakksemd,hovudsaklegtil dei som ofra livet i kampen mot nazistaneinntil Noreg igjen vart eit fritt land 8. mai 1945. I 2011 innstifta regjeringaat 8. mai både skal vera ein dag for markering av attvunnen fridom frånazistane og ein offisiell veterandag. Soldatar som har delteke iinternasjonale operasjonar i nyare tid får heder og dekorasjonar, og dei falneminnast med takksemd og ærbødighet. Eit initiativ som kallar seg«Ta 8. mai tilbake» freistar å arrangere ei alternativ markering medeinsidig fokus på frigjeringa frå nazistane i protest mot at dagen har vortentatt i bruk også som ein veterandag for soldatar som har deltatt iinternasjonale operasjoner, eller «angrepskrigar» som dei kallar det.

Har risikert livet

Eg ser ikkjeproblemet med å gje dagen ein dobbel funksjon,snarare tvert om. Soldatane som har delteke i internasjonale operasjonar harreist ut etter ordre frå det politiske fleirtalet på Stortinget, vårt fremstesymbol på demokrati, fridom og sjølvstende. Mange har risikert livet, nokonvart skadde for livet og nokon kom aldri heim att.

Dei viste vilje tilådøy for vedtak fatta av vår fremste demokratiske forsamling, eiforsamling nazistane tok i frå oss og som heltane frå 2. verdskrigen kjempa forå få tilbake. Det går derforein raud tråfrå veteranane frå den andreverdskrigentil dei som har delteke i internasjonale operasjonar. Detverkar som om «Ta 8. mai tilbake»-entusiastane ikkje forstår at detikkje er norsk deltaking i internasjonale operasjonar i seg sjølvvimarkerar 8. mai, det er soldatane som deltok i operasjonane me held eimarkering for. Det er ein vesentleg skilnad.

Ta debatten med politikarane

Debatt om norsk deltaking iinternasjonale operasjonar er sjølvsagt viktig, men den debatten må «Ta 8.mai tilbake» ta med politikarane. Er dei misnøgde må dei ladet gåutover oss, ikkje soldatane. Å påstå at desse soldatane ikkjefortener dekorasjonar, takksemd og heder, at dei som fell i strid for vårtdemokratiske fleirtals avgjersler ikkje skal minnast 8. mai, er respektlaust.Det er ei unødig påkjenning for deira pårørande og soldatane som kjempa veddeira side.

For mi eiga del vil eg oppmode dei som ynskjer det til ådelta på forsvarets offisielle markeringar 8. mai. Og til alle som ofra livetfor eit fritt Noreg og tildei som i nyare tid ofra livet med Noregs flaggpå armen: Takk!