Nedslåande om tryggleiken vår

Statsministeren har svikta i sitt overordna ansvar med å sikre både Politiet og Forsvaret sine anlegg.

POTENSIELT KAOS: Det er uklart korleis Politiet og Forsvaret skal samarbeide når ei krise oppstår, skriv innsendaren. Biletet er frå ei øving der norske politifolk og soldatar trente saman i 2012. Simon Solheim / Forsvaret / Scanpix (arkiv)

Debattinnlegg

Nils T. Bjørke
Medlem av Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité og stortingsrepresentant, Senterpartiet

Ordet «objektsikring» seier kanskje ikkje så mykje, men det handlar i all hovudsak om tryggleiken til deg og meg som innbyggjar. Det handlar om å ha ei sikring rundt dei anlegga og institusjonane der Politiet og Forsvaret har si drift, og at dei skal vere trygge i utrygge tider.

Med andre ord: Politiets sentrale institusjonar, militære anlegg og korleis samhandlinga mellom desse institusjonane er. Fungerer ikkje dette, fungerer ikkje tryggleiken overfor oss. Det er dramatisk og særs alvorleg innhald i rapporten frå Riksrevisjonen. Ja, for konklusjonen på den manglande satsinga er, ifølgje rapporten: «Dette kan få svært alvorlige følger for den nasjonale krisehåndteringen, når riket er i væpnet konflikt, væpnet konflikt truer eller når Norges selvstendighet står i fare.»

Det er gått over tre år sidan Stortinget slo fast at dei viktige samfunnsinstitusjonane og den sårbare infrastrukturen me har innan politi og forsvar skulle vere på plass. No, tre år etterpå, er det altså eit nedslåande resultat me kan lese om.

Dette skuldast at korkje forsvarsminister Frank Bakke-Jensen eller justisminister Tor Mikkel Wara har gjort jobben dei skulle gjere. Det har heller ikkje forgjengarane Ine Marie Eriksen Søreide, Sylvi Listhaug og Anders Anundsen gjort, for den saks skuld.

Konklusjonen frå Riksrevisjonen er like klar som skuldfordelinga. Politiet og Forsvaret har ikkje fått ei finansiering som står i stil med dei kostnadene ei sikring vil koste. Men Stortinget har ikkje fått noko informasjon om denne kostnaden. Men no veit me. I revidert nasjonalbudsjett har regjeringspartia sett av 20 millionar kroner til objektsikring. Ifølgje rapporten trengst det 785 millionar kroner. Med ei slik takt på løyvingane, er me i mål om vel 39 år. Det seier seg sjølv at slik kan me ikkje halde fram.

Like viktig som å løyve pengane, er det òg at me har styresmakter som snakkar med kvarandre. Men også her er undersøkinga frå Riksrevisjonen nedslåande. Ja, dei slår fast at Politiet og Forsvaret har ei manglande forståing av korleis dei skal forstå den instruksen som ligg til grunn for sikringa av sentrale samfunnsinstitusjonar.

I tillegg er konklusjonen frå Riksrevisoren at det er veikskap i den operative evna til Heimevernet. Det er uavklarte spørsmål mellom politi og heimevern om kva slags kapasitet dei har, og kven som skal gjere kva når ei krise oppstår. Dette er særs alvorleg.

Noko av det viktigaste me i kontroll- og konstitusjonskomiteen må få svar på, er kva slags rolle statsministeren har hatt i dette manglande arbeidet. Det er ho som har vore på post heile tida, medan ho har skifta ut statsrådar i dei ulike departementa i stort tempo. Det er ho som sit med det overordna ansvaret, og hennar kontor har og ei særskild rolle i utøvinga av det politiske leiarskapet som er naudsynt på området.

For viss ikkje statsrådane og deira øvste sjef prioriterer den nasjonale tryggleiken og samordnar seg, kven skal då gjere det?

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg