La Nav-kontora vere i fred!

Viss byrådet legg ned Nav-kontor, vil det bli enno vanskelegare å få hjelp.

FEILSTEG: Å leggje ned Nav-kontora er eit feilsteg der effektivisering av systemet setjast framfor individa, skriv innsendar. Foto: PRIVAT

  • Pauline Tomren
    Leiar for Grøn Ungdom Vestland og styremedlem MDG
Publisert:

Den 6. september skal byrådet i Bergen stemme over om dei skal leggje ned tre av dei åtte Nav-kontora i byen. I praksis betyr dette at folk står i fare for å miste sine lokale velferdskontor, og blant anna vil dei som bur i Arna måtte reise heilt til Åsane. Dette er eit feilsteg vidare i ei utvikling der effektivisering av systemet setjast framfor individa det er meint å tene.

Under førre Nav-reform i 2015 var det økonomane og ikkje sosionomane som fekk det siste ordet: Målet var effektivisering og innsparing, noko som har ført til enda meir byråkrati for dei som søkjer hjelp hos Nav. Dei som nyttar seg av tenesta, er menneske som allereie er i ein sårbar situasjon.

Det er dei uføretrygda, dei sjuke og dei eldre som treng støtta. Da er det synd at dagens velferdsordning er såpass kompleks og byråkratisk at ein nærast må vere frisk og ressurssterk for å kunne ha kapasitet til å sette seg inn i det og vite kva for rettar ein har. No er det dessverre krefter i byrådet som ønskjer å gjere det enda vanskelegare å få hjelp, ved å svekkje dei lokale tenestetilboda til Nav.

Les også

– Skal det betre min fysiske og psykiske helse at jeg har økonomiske bekymringer i tillegg?

Før etableringa av Nav i 2005, hadde trygdeetaten – ei av dei tidlegare sosialtenestene til kommunane – ansvar for å kontrollere at ingen fekk mindre enn dei hadde krav på. Nav kontrollerer berre at folk ikkje utnyttar systemet. Altså vert folk med redusert arbeidsevne eine og aleine ansvarleg for å tyde krunglete språk og lovverk for å sikre hjelp til seg sjølv. Velferdsordningar er meint å vere til hjelp for dei som treng det, og da er det svært trist at organiseringa av Nav blir gjort stadig meir utilgjengeleg for brukarane som treng det mest.

Nav er inga ideell ordning. Det er på tide å teste ut nye ordningar. Borgarløn kunne ha vore eit godt alternativ – ei ordning kor alle i samfunnet over ein viss alder får utlevert ein stor nok pengesum til å dekkje levekostnadar. Det er allereie testa ut i Finland, og det er ingen grunn til at vi ikkje burde starte ei prøveordning her i Norge.

Uansett kva for velferdsordningar vi får i framtida, er det viktig at vi sett individa framfor systemet, at det er sosionomane og ikkje økonomane som får det siste ordet. Det første steget i den retninga må vere at bystyret får fleirtal for å behalde dei lokale Nav-kontora.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg