Å sjå fotball-VM i år er å støtte Putin

Eg er redd for kva som kjem til å skje med fotball om me berre lar ting skure og gå.

PUTINS VM: Fotball-VM gjer regimet til Vladimir Putin legitimitet, skriv innsendaren. Her er den russiske leiaren saman med Fifa-president Gianni Infantino i Moskva. Sergei Karpukhin, NTB scanpix

Debattinnlegg

Øyvind Hartveit
Internasjonal leiar, Europeisk Ungdom

Fotball-VM i Russland er i gang. Supporterar og fotballspelarar frå heile verda reiser til landet som er den største trugselen for liberale demokrati i vesten. Dei har invadert Ukraina og okkupert Krim-halvøya, og det ser ikkje ut til at dei har tenkt til å trekke seg tilbake. Russland støtter femtekolonnistar over heile kontinentet, som blant anna M5S i Italia, Fidesz i Ungarn, FPÖ i Austerrike, Front National i Frankrike og Brexit-kampanjen i Storbritannia.

Internt i landet blir journalistar og politiske motstandarar av Putin forfølgt og drepne, eller torturert i fengsel. Dette er nokre av dei mange grunnane til at Noreg og andre land sanksjonerer Russland, sanksjonar som må halde fram.

Trass i dette skal me no sjå vekk frå politikken og la Russland spegle seg i glansen frå verdas beste sport? Ein ser allereie korleis Russland skal utnytte folk sitt ønskje om å ignorere alt som skjer utanfor bana. Mo Salah lét seg avbilete med Ramzan Kadyrov, ein mann som personleg står ansvarleg for at tallause menneske har blitt drepne eller torturert.

Dette gjer regimet ein legitimitet og lar dei gøyme brota på menneskerettane som dagleg skjer i Tsjetsjenia.

Les også

Droppe fotball-VM? Her er noen underlige alternativer, som VM i … eggekasting?

Dette er noko ein må bli meir vand til i framtida, då neste VM skal vere i Qatar - eit land bygd på slaveri, menneskerettsbrot og død. Grunnen til at det blir slik, er naturlegvis Fifa sin skamlause korrupsjon. Vertslandet sin politikk og velkjende menneskerettsbrot er ein ting, men ein kan ikkje la Fifa sleppe unna heller.

I 2026 får me ein pause, då VM blir arrangert i Nord-Amerika. Men Fifa er der framleis. Organisasjonen sin korrupte oppførsel er blitt så openlys og obskøn at det knapt er mogeleg å late som om ein ikkje kjenner til den.

Det finst ingen enkel løysing på dette. VM er den største hendinga i ein sport eg og millionar av andre elskar, og det er vanskeleg å unngå å følgje med. Likevel så vil einkvar som følgjer med på VM, vere med på å støtte Putin og hans regime, og han får akkurat det han betalte Fifa for. Ettersom Russland sin destabiliserande og splittande utanrikspolitikk får meir fotfeste i Europa, er det denne sommaren viktigare enn nokon gong å vere årvaken.

Kvar person må sjølv ta vurderinga om kva dei er komfortable med, men for meg vil det både i år og 2022 vere vanskeleg å sjå fram til kampane og ignorere det som skjer utanfor bana med godt samvit.

Som supporter av sporten er eg òg redd for kva som kjem til å skje med fotball om me berre lar ting skure og gå. Det er på tide med eit oppgjer med Fifa som organisasjon, og det er på tide å seie klart ifrå om at me ikkje vil at sporten me elskar skal bli brukt av autokratar til å kvitvaske sine menneskerettsbrot.