Ikkje gløym sametingsvalet

Årets val er spennande på mange måtar.

Publisert Publisert

DRAMATIKK: Det siste året har ein sett dramatikk i sametinget med kamp om presidentmandatet, skriv innsendarane frå UiB. Foto: Jan-Morten Bjørnbakk/SCANPIX

Debattinnlegg

  • Aaron Spitzer
    PhD-kandidat ved UiB
  • Elin Monstad
    PhD-kandidat, Institutt for samanliknande politikk, UiB
iconDenne artikkelen er over to år gammel

Det er ikkje berre stortingsvalet som fengjer i år. Dette er nemleg også eit spesielt år for Sametinget. I 2017 markerer vi hundreårsjubileet for det første samiske landsmøtet, som blir rekna som starten på organisert politiske aktivitet for samar i Noreg. I dette jubileumsåret ser vi korleis utviklinga har gått frå ein beskjeden start til å vere viktig både nasjonalt og internasjonalt.

Frå utsida kan det ha verka beskjedent, møtet i 1917. Om lag hundre personar møttest i Metodistkyrkja i Trondheim. Det er ikkje i seg sjølv eit forrykande tal. Men kva det symboliserte, er så veldig mykje meir. Midt i den mest aktive fornorskingspolitikken samla samane seg og fortalde verda rundt seg at dei ikkje kunne akseptere ei slik behandling som den dei fekk av den norske staten. Elsa Laula Renberg organiserte det første møtet, og skreiv seg dimed inn i historia som ei av dei store stjernene i politisk aktivisme. Frå denne beskjedne starten har samisk politisk aktivitet i Noreg utvikla seg til det vi har i dag.

Les også

Sametingspresidenten går av etter å ha tapt votering

Den samiske delen av befolkninga har ofte gått under radaren for resten av folket i Noreg, og tiåra umiddelbart etter møtet i Trondheim var det berre ein ganske beskjeden aktivitet. Etter andre verdskrig tok aktivitetane seg opp, og samane viste at trass i denne påførte usynleggjeringa har dei klart å markere seg suksessfullt ved fleire høve. Vi såg ein auka politisk bevisstheit blant samisk ungdom på 60- og 70-talet, og dei klarte å gjere seg stadig tydelegare til stades i samfunnet dei levde i. Den mest kjente situasjonen er konflikten om utbygginga av Alta/Kautokeino-vassdraget.

Denne oppdemminga blei vedteken av Stortinget i 1978 for å byggje ein kraftstasjon. Det var kjent at dette ville føre til store konsekvensar for dei samiske områda, og for den eksisterande naturen der. Det blei mobilisert stort, og protestane fekk merksemd internasjonalt for situasjonen for samane, for miljøet og for korleis Noreg behandla sine eigne urfolk. For korleis kunne vel Noreg kombinere sitt eiget omdøme med ei slik behandling av den samiske populasjonen? Det blei klart at det var naudsynt å anerkjenne samane som minoritet og urfolk.

Les også

- Uverdig måte å behandle samisk kultur på

I 1987 blei den sokalla Sameloven vedtatt, og i 1989 blei det norske Sametinget opna. Sidan har det gått slag i slag med politisk utvikling. ILO-konvensjon 169 blei skipa i 1989, noko som har vist seg viktig for urfolk over heile verda.

Av nyare utvikling kan ein nemne opprettinga av Finnmarks-eigedommen i 2005, og berre i år er fleire prinsipielt viktige rettssaker med samiske hovudpersonar oppe i rettssystemet. Populærkulturelt har ein også NRK sitt suksessrike nyaste sakte-tv-kapittel der publikum kunne følgje med på reinflyttinga.

Det siste året har ein sett dramatikk i sametinget med kamp om presidentmandatet. Vi har sett intense kampar om leiarverv, språk og personar. Etter store omveltingar berre få månader før årets val, står vi no med Vibeke Larsen som sametingspresident for eit tilsynelatande rolegare Sameting. Årets val er altså spennande på mange måtar. Korleis resultata blei etter at valet er over og stemmene er talt opp, står att å sjå. Vi sjå rikje for oss at det blir mindre interessant med det første.

Publisert

Les mer om dette temaet

  1. Dette avgjør hvem som vinner valget

  2. Det politikerne ikke snakker om

  3. Her kommer valgurnen sjøveien

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg
  1. Urfolk
  2. Samer
  3. Sametinget
  4. Stortingsvalg 2017