Menneske, fryd deg!

Julesongen «Deilig er jorden» får meg å tenke på mi kusine Thea. Vi har mykje å lære av menneske som henne.

«På Thea sin dåpsdag midt i juli sang vi «Deilig er jorden». Det kunne ikkje ha passa betre», skriv Malene Vilnes (til h.) om kusina Thea Leirvåg.
  • Malene Vilnes
    Åsane
Publisert Publisert
icon
Denne artikkelen er over ett år gammel
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Julesongar har ei eiga evne til å kalle fram kjensler med tonane sine. Strofene spelar på strengar i oss, treff nervar, minnelager, spor etter livet. Jula veit å sette avtrykk.

Hos meg brest det i tredje verset av «Det lyser i stille grender», spesielt om det er Olav Stedje som syng, medan «Kling no klokka» lokkar fram tilhørigheten eg kjenner på når eg sit i den same benken der generasjonar har sitje før meg i kyrkja heime.

Men det er éin song som skil seg ut som den mektigaste av dei alle, og det er ikkje utan grunn at den får avslutte omtrent alle julekonsertar eller julegudstenester. Om den er framført av eit stort kor og orgelbrus, eller av ein liten sølvgut reint akustisk, betyr lite.

«Deilig er jorden» får meg alltid til å kjenne på noko djupt. På krefter i meg, audmjuk av å vere ein del av noko større, ein slags julemagi og trua på at det finst noko meir. Noko som gjer at vi kan tørre å syngje sangen slik vi allereie gjer: med kraft.

«Deilig er jorden,

prektig er Guds himmel,

skjønn er sjelenes pilgrimsgang.

Gjennom de fagre riker på jorden

går vi til paradis med sang».

Særleg ein av julesongane passar også utenom jula, meiner Malene Vilnes.

Kanskje er det den vemodige klangen som gjer at salmen er mykje brukt ved gravferder. Samtidig gir den håp i avskjeden med levd liv: håp om at der finst noko anna.

Eg kjente på det den første julaftan etter at bestefaren min døydde. Vi skulle reise oss å syngje «Deilig er jorden» i kyrkja. Då vi kom til «tider skal komme, tider skal henrulle», stod dette med «slekt som følger slekters gang» brått så tydeleg for meg.

Eg var gravid. Ute snødde det, lysa var dempa, og eg såg julestjerna på fjern skumringshimmel. Kjenslene av sakn, glede og forventning blanda seg, saman med tryggleiken i at det var så mange andre der å dele det med, for ingen kan syngje deilig er jorden på julaftan utan å føle noko.

«Tider skal komme,

tider skal henrulle,

slekt skal følge slekters gang;

aldri forstummer tonen fra himlen

i sjelens glade pilgrimssang!»

«Eg var gravid ... Kjenslene av sakn, glede og forventning blanda seg», skriv Vilnes om julaftan etter at bestefaren døydde og ho sang «Deilig er jorden».

Nokre veker før, i bitande desemberkulde. I raud kåpe med god plass til magen, og med kjærasten sine beskyttande hender rundt meg og livet som vaks der inne, sang vi også «Deilig er jorden». Det var på lysfesten i Bergen sentrum.

Tusenvis av menneske stemte i med eigne variantar av englane sine tonar. Sjarmerande ustemt, og likevel så samstemte som berre hordar i julestemning kan vere. Alle med sine eigne juler i kroppen.

Sjølv bar eg på min eigen julemelankoli den første jula heimanfrå, og den sette seg fast i halsen. Tjukkare enn uknekte julenøtter. Alt brakt fram av dei enkle versa i ein vanskeleg sang.

«Englene sang den

først for markens hyrder;

skjønt fra sjel til sjel det lød:

Fred over jorden! Menneske fryd deg.

Oss er en evig frelser født!»

Songen ber med seg noko meir for meg. «Deilig er jorden» blir brukt i gravferd, men eg har opplevd å høyre den i dåp, også. Mi kusine Thea er fødd med Downs syndrom og hadde ikkje nokon lett start på livet. Det gjekk bra, og på Thea sin dåpsdag midt i juli sang vi «Deilig er jorden». Det kunne ikkje ha passa betre.

Den vesle jenta som låg der i armane på sin storebror, var verkeleg til å fryde seg over. No er ho vaksen, og er eit av dei menneska som inspirerer meg mest. Det er mange grunnar til det, men ein av dei er at ho er ærleg, uredd, ekte og den eg kjenner som er rausast med kompliment og gode ord. Hjarteord.

På Lysfesten sang tusenvis «sjarmerande ustemt, og likevel så samstemte som berre hordar i julestemning kan vere».

Det finst mange barn som Thea, barn som på ein eller anna måte har noko ved seg, som ikkje er heilt likt det andre har. Mange av dei møter ei verd som ikkje er deilig, men heller kald, hard og krevjande.

Det finst barn som berre vil fryde seg over livet, som deler begeistring, glede og entusiasme. Barn som er seg sjølve, men som blir møtt med at det å vere seg, ikkje er bra. Tvert om er det mange som gir uttrykk for at det er feil.

Kva om vi alle les dei siste orda i den nest siste linja i den velkjente salmen? Menneske fryd deg!

Slik eg ser det, er alle barn ei fryd. Slik eg ser det, skulle vi prise oss lykkelege for å få lov til å bli kjende med nettopp slike barn som Thea, og lære av dei.

For kor mange kan med handa på hjartet seie at dei lever med hjartet omtrent utanpå kroppen? Kor mange fryder seg over livet, og lar gleda lede an? Eg kjenner mange sånne barn – og vaksne, og håpar vi kan løfte blikket og sjå på livet med deira perspektiv.

Då blir truleg jorda meir deilig for oss alle. Men først må vi lage rom for at alle får lov til å vere seg sjølve. Vi må la dei få lov til å vere nettopp det dei er: Ei fryd!

Publisert
  1. Jul
  2. Sang
  3. Barn
  4. Downs syndrom

Les mer om dette temaet

  1. Oddgeir Bruaset er så glad i å synge julesanger at han trosser legenes råd på julaften

  2. – Sønnen vår blir behandlet som alle andre. Det har betydd alt.

  3. – Debatten om foster­testar er ikkje over

  4. – Ingen var så mykje jul som «besta»

BT anbefaler

Palasset har vært på topp­listen to år på rad. Se byens 50 dyreste boliger.

Nær dobling i antall storsalg i fjor. Se boligtoppen her.

LES SAKEN