Ubåten er ikkje ei intern Fedje-sak

KVIKKSØLV: 9. februar 1945 vart den tyske ubåten «U864» med nærmare 70 tonn kvikksølv torpedert av ein britisk ubåt utanfor Fedje. Fred Ivar Utsi Klemetsen

Debattinnlegg

Frank Rune Dale og Inge Alver
Nordhordland Rotaryklubb

Norske media generelt og BT spesielt skal ha stor takk for sin presentasjon av saka om kvalen med magesekken full av plastavfall. Den sette plastkvalen inn i eit prinsipielt miljøperspektiv. Plutseleg er folk blitt merksame på kva for katastrofale konsekvensar vår nærast medvitslause bruk av alle slags plastprodukt kan få.

Laurdag 24. juni presenterer BT ei anna miljøsak med eit enormt katastrofe-potensiale, men her manglar den prinsipielle vinklinga. Reportasjen «Som ein kreftsvulst i øysamfunnet» fortel om den tyske ubåten som ligg like utanfor Fedje med si kvikksølvlast. BT fokuserer i denne saka på øyfolket som har gått lei, og som meir eller mindre har gitt opp kampen mot likesæle politikarar og byråkratar for å få kvikksølvet fjerna. BT gjer på denne måten ubåtsaka til ei intern sak for Fedje-folket. Me som bur andre stader i landet kan fort bla vidare til neste side i laurdags-BT.

Kor er det blitt av den prinsipielle vinklinga i denne saka? Kvifor set ikkje BT også denne saka inn i eit miljøperspetiv og ein større samanheng, slik de gjorde med plastkvalen?

Ubåten utanfor Fedje inneheld 67 tonn kvikksølv, og lasta ligg i stålbehaldarar. I ein kronikk i BT 8. juni 2016 dreg professorane Anders Goksøyr, Kjell Jørgen Hole og Mathias Kaiser opp eit scenario der Nordsjøen og Norskehavet om nokre generasjonar er blitt stengt for alt fiske fordi lasta i U864 er blitt omdanna til den farlege kvikksølvforma metylkvikksølv. Gifta har gått inn i næringskjeden i havet, og dermed er det over og ut for alt fiske og havbruk. Ikkje berre for Fedje-folket, men for alle oss som bur på Vestlandskysten, og i verste fall for alle som bur rundt Nordsjøen og Norskehavet.

Dette professorale scenarioet gir ikkje særleg lystelege utsikter for den nasjonale vekstnæringa som politikarane snart skal nytta valkampen til å fortelja oss skal erstatta olja og gassen. Det er dette perspektivet kvikksølv-ubåten ved Fedje må sjåast i: Den er ei tikkande miljøbombe for alle oss som lever rundt Nordsjøen; den er IKKJE ei intern Fedje-sak!

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg