Avgjerande forhandlingar

Språkbrukarar har ein tendens til å bli assimilerte til store språk.

VIKTIG STYRKING: Den institusjonelle styrkinga av nynorsk som Hordaland og Sogn og Fjordane har stått for, har vore svært viktig for heile det nynorske språksamfunnet, skriv språkforskar Eli Bjørhusdal. Foto: Scanpix

  • Eli Bjørhusdal
    Forskar på språkforvaltning
Publisert:

I forhandlingane om Vestlandsregionen godtok ikkje Rogaland at nynorsk skulle vere administrasjonsspråket. Dermed blir regionen språknøytral. Då treng han ikkje bruke nynorsk, og det kan få konsekvensar for heile det nynorske språksamfunnet.

På frie, uregulerte lingvistiske marknader vil dei største språka alltid klare seg best. Språkbrukarar har ein tendens til å bli assimilerte til store språk, fordi dei mest brukte språka framstår som mest «naturlege». Folk flest vil nok ikkje at dei mindre brukte språka skal bukke under, men slik fungerer ein gong kjøtvektsprinsippet når språkmarknaden er uregulert.

Difor er språksosiologar klare på at mindre brukte språk treng eit heartland, altså eit territorium der språket er upressa og får lov til å vere det naturlege, eit territorium der mindretalsspråket kan vere nettopp fleirtalsspråket. Særleg er slike territorium viktige fordi dei byggjer opp institusjonar for mindre brukte språk. Når eit mindretalsspråk får bli handlingsregulerande norm, har det ein langt større sjanse til å halde på brukarane sine.

Les også

Krever at Vestlandet blir nynorsk

Store delar av Hordaland og heile Sogn og Fjordane har vore eit slikt kjerneområde for nynorsk. Her er det ingen personleg kostnad knytt til å bruke nynorsk i skule, arbeidsliv og organisasjonsliv, slik mange vil oppleve det i bokmålsområde. Dessutan har desse fylka utvikla svært viktige språklege institusjonar, på fleire måtar enn at dei driv skular som gjev opplæring på nynorsk. Fylkeskommunane, kommunane, kommunale verksemder og den regionale staten gjev nynorsk status gjennom å vedta at det er det offisielle språket i området, dei er òg store arbeidsgjevarar som har rett til å forvente nynorskkompetanse av dei tilsette og ikkje minst er dei store språkprodusentar med stor språkleg kontaktflate mot innbyggjarane. Dei eksponerer altså folk for nynorsk. Det er svært viktig for kor «lett» og «naturleg» det mindre brukte språket verkar.

Det finst norske røynsler med kva for konsekvensar som institusjonelle endringar og deregulering kan få for språkval og språkbruk. I 1960-åra vart ei rad små nynorskkommunar slegne saman med større bokmålskommunar. I Sogn og Fjordane og Hordaland vart nynorskkommunar stort sett slegne saman med kvarandre. Men i dei andre fylka vart heile 169 av 201 nynorskkommunar omfatta av samanslåingar. Av dei samanslegne nynorskkommunane enda berre 27 av 169 opp i kommunar med nynorskvedtak, resten vart nøytrale. Av dei som ikkje vart samanslegne, heldt derimot 30 av 39 på nynorsken. Dei kommunane som enda som nøytrale, vart i praksis bokmålskommunar fordi bokmålsbrukarane utgjorde fleirtalet og kommunehuset ofte låg i den sentrale bokmålsbrukande delen av kommunen. På same tid skjedde også ei omfattande sentralisering av skulestrukturen, mellom anna med etablering av niårig grunnskule som førte til at svært mange ungdomsskular vart sentralskular i bokmålssentrumet i kommunen.

Dette illustrerer òg poenget om kor viktig det er for mindre brukte språk at institusjonar vert lokaliserte til samfunn der dette språket dominerer. Såleis er Lotteritilsynet i Førde, DIFI på Leikanger og høgskulen i Sogndal og i Førde viktig for det nynorske språksamfunnet ikkje berre i Sogn og Fjordane og på Vestlandet, men i heile Noreg.

I distriktspolitikken talar ein om den vesle og den store distriktspolitikken. Den vesle er dei direkte verkemidla som vert sette inn på konkrete utviklingsprosjekt, som Innovasjon Noreg og kommunale utviklingsfond. Den store distriktspolitikken er andre tiltak som har distriktspolitiske effektar, som differensiert arbeidsgjevaravgift, inntektssystemet og strukturreformer i offentleg sektor.

Tilsvarande kan me snakke om den store og den vesle språkpolitikken. I den store språkpolitikken er spørsmålet om det bør takast språkpolitiske omsyn når ein skal avgjere saker som i utgangspunktet ikkje har med språk å gjere. Kommunereforma, høgskulereforma og regionreforma er tre ferske døme. Er det legitimt å seie nei til administrative endringar om konsekvensane for eit språksamfunn kan bli tilstrekkeleg negative?

Den vesle språkpolitikken har langt på veg som føremål å førebyggje og kompensere for negative effektar av å vere i mindretal. Mållova er det viktigaste verktyet her. Ho gjeld berre for staten, ikkje kommunane, og prinsippet er at det er språkvedtaka i kommunestyre og fylkesting som avgjer kva for språk staten skal bruke i desse områda. Både i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland har fleire kommunar gjort vedtak om nynorsk enn bokmål, difor skal til dømes fylkesmannen i desse fylka bruke nynorsk. Når det gjeld Vestlandsregionen, må me skilje mellom den regionale staten på Vestlandet på den eine sida, altså til dømes fylkesmann, skattevesen og politi, og på den andre sida regionen, som er å rekne som ein fylkeskommune og altså ikkje er omfatta av mållova.

Les også

Bergen går for nynorsk

Dei regionale statsorgana på Vestlandet må bruke nynorsk same korleis ein skrur saman den nye regionen, for uansett vil nynorskkommunane vere i stort fleirtal. For det nynorske språksamfunnet er det likevel eit sentralt spørsmålet om kvar arbeidsplassane i den regionale staten er plasserte geografisk.

Men fylkeskommunane, og den moglege Vestlandsregionen, har ikkje mållova i ryggen. Dei må eventuelt gjere slike vedtak sjølve. I prinsippet står alle fylkeskommunar heilt fritt til å fastsetje kva for språk dei vil kommunisere med innbyggjarane sine på. Hordaland og Sogn og Fjordane har valt nynorsk, Rogaland er nøytralt, og Rogaland fekk gjennomslag i forhandlingane om at Vestlandsregionen ikkje skal ha nynorsk som administrasjonsspråk. Altså kan den nye regionen fritt bruke bokmål i kommunikasjon med innbyggjarane sine, med mindre han pålegg seg sjølv internt regelverk. Staten, derimot, må etter mållova sende materiell på nynorsk til innbyggjarane i størsteparten av det området som vestlandsregionen dekkjer. Me kjem altså i den paradoksale situasjonen at den regionale staten på Vestlandet er underlagd strengare krav til å bruke nynorsk enn det Vestlandsregionen er villig til å påleggje seg sjølv.

Den institusjonelle styrkinga av nynorsk som Hordaland og Sogn og Fjordane har stått for, har vore svært viktig for heile det nynorske språksamfunnet. Det kan bli tilsvarande avgjerande om desse institusjonane vert svekte i vestlandsforhandlingane no.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg