«Kakeperson» var berre ein uskuldig spøk
Når slike mediesaker blir laga, blir ein uskuldig og gøy sak til skade for nokre.
- Isabel Jensen Hem-GrindheimBergen

Då stortingskantina, på sitt vanlege humoristiske vis, kalla kakemenn for kakeperson, blei visst ein kakeperson til eit kakeesel, to kakedamer, ei kakestjerne og tre lite vise kakemenn.
I debattinnlegget til Thea Økland i BT 10. desember blei gimmicken tatt på fullt alvor. Er det noko som ikkje må tøysast med, er det visst julekaker i ei kantine. Det er usikkert om det er faren for at stortingspolitikarar som et kakepersonar, blir så påverka at dei skal ta det med seg inn i stortingssalen, og då er det på tide å påpeike at det er sjeldan politikarar bestemmer kva ulike kaker skal heite.
Eg ville vedda alle pengane mine på at dette difor er like enkelt som det verker: litt moro i kvardagen. Både kvit dame og fattigmann er heilt trygge. Og viss det blir endra, så blir det det. Det smakar nok like godt likevel.
Eg tenkjer at ein må kunne ha det gøy, sjølv i kantina på Stortinget, trass at det er snakk om dønn alvorlege ting som kaker og jul. Vi er eit rimeleg tradisjonstungt folk, men jula kan også modernisere seg. Tradisjonar utviklar seg, dessutan er vi ulike og har forskjellige tradisjonar. Det må vere heilt greitt.
Når slike saker blir laga, blir ein uskuldig, gøy sak til skade for nokre. Når ein les i aviser, kommentarfelt og på sosiale medium om denne (ikkje-)saka, blir transpersonar, stortingspolitikarar og folk som er for likestilling, pålagt at dei har ført til dette. Folk som sjølv kallar det for kakemann, blir konfrontert med at dei no prøvar å få alle til å gå over til kakeperson – noko ingen har gjort.
Det er bokstavleg talt ingen som har føreslått ei namneendring i dette tilfellet, så kakemannen, eller julemann, som eg brukar å kalle det, anten det er eit esel, eit hjarte eller ei colaflaske, er nok heilt trygg. Ja, med mindre det kjem ein kakeperson og et alle saman, då.