Derfor må klimasaka behandlast av Høgsterett

Staten vann dei første rundane. I Høgsterett kan utfallet for klimasøksmålet verta eit anna.

Publisert Publisert

SØKSMÅL: Greenpeace Norden og Natur og Ungdom gjekk til sak mot staten. Kravet var at ei tildeling av ti utvinningsløyve for petroleum vart kjend ugyldig. Dei tapte i både ting- og lagmannsretten. Foto: Stein Bjørge

Debattinnlegg

  • Jørn Øyrehagen Sunde, professor, Det juridiske fakultet, UiO, og universitetslektor Esmeralda Colombo, Det juridiske fakultet, UiB
  1. Leserne mener

Torsdag 23. januar klokka 11 fall dommen i klimarettssaka i Borgarting lagmannsrett. Greenpeace Norden og Natur og Ungdom hadde saksøkt staten og kravd at tildelinga av ti utvinningsløyve for petroleum i Barentshavet vart kjent ugyldig. Grunngjevinga var at dei er i strid med § 112 i Grunnlova, som gjev alle rett til natur og miljø.

Staten vann saka i lagmannsretten, slik han tidlegare hadde gjort i tingretten. Men lagmannsretten har ikkje klargjort kva plass vernet om natur og miljø skal ha i den juridiske systematikken. No er dommen anka til Høgsterett.

Det er Høgsterett si oppgåve å utvikla retten og oppjustera ein forelda juridisk logikk i høve til natur og miljø som akutt samfunnsutfordring. Tingretten sin dom var prega av manglande argumentasjon for at domstolen ikkje følte seg kompetent til å prøva dei vurderingane som låg bak regjeringa si tildeling av utvinningsløyve i Barentshavet.

Dommen gav difor staten medhald, men grunngjevinga var for grunn og ufullstendig.

Les også

Les Ada Amilia (15): Eg saksøkjer staten!

Særleg problematisk var det at tingretten ikkje tok omsyn til miljøkonsekvensar av utvinning av petroleum utanfor norske grenser. Så lenge retten berre såg på miljøutslepp i Norge som relevante, vart utsleppa for små til at dei kom i konflikt med § 112.

Dette at utsleppa måtte vera store for å koma i konflikt med Grunnlova, var problematisk i seg sjølv. For klimautfordringa er eit resultat av summen av utslepp og ikkje einskildutslepp, og difor er ingen utslepp store nok til å vera avgjerande.

Til sist var det problematisk at tingretten ikkje grunngav at det skulle mykje til for å gjera eit vedtak ugyldig etter § 112, det ein kallar høg prøvingsterskel.

UKLART: Lagmannsretten har ikkje klargjort kva plass vernet om natur og miljø skal ha i den juridiske systematikken, skriv Jørn Øyrehagen Sunde og Esmeralda Colombo. Foto: UiB

Lagmannsretten si avgjerd er langt betre. Her er grunngjevinga stort sett inngåande og pedagogisk forklart. For miljøorganisasjonane er det viktigaste at retten inngåande diskuterer og konkluderer med at § 112 gjev ein rett til vern av natur og miljø som ein kan få stadfesta av domstolane.

Dernest er det viktig at lagmannsretten kjem til at alle utsleppsfølgjer av norsk petroleumsverksemd, innanlands som utanlands, kan vurderast opp mot § 112. Å få slått fast dette gjer søksmålet til ein suksess for saksøkjar.

Men lagmannsretten tek ikkje eit like klart standpunkt om kor store miljøkonsekvensar som må til, for å koma i konflikt med Grunnlova. Det treng ikkje lagmannsretten, fordi han kjem til at terskelen for å underkjenna tildelinga av utvinningsløyve likevel må vera høg. Årsaka er at retten meiner dette i stor grad er eit politisk spørsmål, og at det har store samfunnskonsekvensar.

Problemet er at lagmannsretten ikkje gjev svar på kvifor terskelen skal vera høg for at ein domstol skal overprøva eit politisk vedtak som gjeld natur og miljø. For det er slett ikkje slik at eit kvart spørsmål som er politisk og har store samfunnsmessige konsekvensar, ikkje kan overprøvast. Det er karakteren av vernet av miljø og natur, som avgjer om terskelen skal vera låg eller høg for domstolsprøving.

Lagmannsretten peikar på at § 112 står saman med andre menneskerettar, og at det gjev vernet av natur og miljø karakter av å vera ein grunnleggande rett. Retten understrekar òg at vernet om natur og miljø, som urfolk sin rett til språk og kultur, kan handhevast av domstolane.

Men der stoppar lagmannsretten sitt resonnement.

Domstolen vart invitert av saksøkjar til å knyta vernet av natur og miljø til vernet om liv og velferd etter menneskerettane. Det gjorde nederlandsk høgsterett nyleg i Urgenda-dommen, der ein kravde at Nederland auka tempoet på sine klimatiltak. Men lagmannsretten seier berre at i Urgenda-dommen var spørsmålsstillinga ei anna enn i Klimasaka. Det er rett.

Men spørsmålet om vern av natur og miljø har same styrke som vernet om liv og velferd etter menneskerettane, er det same. Og dersom vernet om natur og miljø kan knytast til retten til liv og velferd, så skal terskelen for overprøving vera låg.

Høgsterett tok i 1976 stilling til terskelen for når domstolane kan overprøva politiske vedtak. Den er lågast for menneskerettar, som vernet om liv og velferd, høgare for økonomiske rettar og svært høg for vedtak som gjeld tilhøvet mellom staten sine organ.

Problemet er at i 1976 var vernet om natur og miljø enno ikkje rekna som ein individrett, og slett ingen menneskerett. Dette har vakse fram med auka merksemd på skade menneske påfører natur og miljø, samt konsekvensane av dette.

Les også

Fått med deg denne? Klimasøksmålet ankes til Høyesterett

På mange måtar var Rio-konferansen og FN sin klimakonvensjon frå 1992 startpunktet for større natur- og miljømedvit. Men den statusen som vern om natur og miljø har fått i samfunnet elles, har enno ikkje funne sin plass i den norske rettslege systematikken, og ikkje fått eit rettsleg språk i Noreg.

Dette er årsaka til at dommen kjem til kort på dette punktet. For med fleire internasjonale miljø- og klimakonvensjonar, fleire nasjonale plikter til å redusera miljø- og klimautslepp, fleire FN-rapportar om konsekvensane av at utsleppa ikkje vert reduserte fort nok, har vern om natur og miljø vakse fram som noko som pregar folk sin kvardag.

Ein sorterer boss, vurderer å reisa kollektivt og ta tog i staden for fly, ein vurderer om mat er kort- eller langreist, og konsekvensane av val av feriemål. Natur- og miljøomsyn er dermed ikkje abstrakt politikk, men konkret kvardag for folk flest.

Likevel har det altså ikkje vorte ein del av den juridiske logikken og språket. Og difor må klimasaka ankast til Høgsterett.

Høgsterett si oppgåve er å utvikla retten. Læra frå 1976 om terskelen for domstolane si overprøving av politiske vedtak, er definitivt klar for vidare utvikling og oppjustering i høve til kvardagen til folk, som alt er prega av omsynet til natur og miljø.

Dette har skjedd i Nederland og bør skje i Noreg. Då kan utfallet i Klimasaka verta ei anna enn i ting- og lagmannsretten, der staten vann.

Publisert
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg