Den vestlege trulovingsringen og hijaben er i slekt

Vi steglar ofte over hijaben, men våre eigne tradisjonar kring frieri og bryllaup har også kvinnediskriminerande opphav.

Publisert Publisert

FRIERI: Det kvinneundertrykkande opphavet til hijabbruk blir vi ofte minte om. Frieriet og den einsidige trulovingsringen si tradisjonelle meining er mindre omsnakka, skriv Kari Bergset. Foto: Scanpix/Shutterstock

Debattinnlegg

  • Kari Bergset
    Høgskulelektor ved Høgskulen på Vestlandet.
  1. Leserne mener

«Det var så romantisk», sa Silje då eg gratulerte med at ho og kjærasten hadde trulova seg. Ho hadde ikkje ringen på ringfingeren, men på langfingeren. Den var for stor. «Du veit, han visste ikkje heilt kva størrelse som passa meg».

Som gammal feminist hadde eg bruk for litt forklaring, og fekk det: Han hadde jo kjøpt ring til henne, utan at ho visste det. Det var berre ho som hadde ring. Gifteringar skulle dei kjøpe når dei gifta seg.

Eg burde sjølvsagt ha forstått at trulovinga dreia seg om hans frieri, og ein ring som vart sett på hennar finger, ikkje hans. «Det er heilt vanleg, alle ungdommar eg kjenner gjer det slik», fortalde ho.

Eg var nysgjerrig på denne skikken. Eg lurte på om det var nokon som gjorde det slik at berre han fekk ring ved trulovinga. Nei, det hadde ho ikkje høyrt om.

Kva meining legg vi i tradisjonen?

At det var romantisk, var meininga Silje gav skikken. At han fridde og berre ho bar ring. Er det nokon i vårt samfunn som ikkje vil gje henne lov til det? Høyrer vi nokon gong historiske utleggingar om det kvinnediskriminerande i at mannen frir og den einsidige trulovingsringen?

Nei, fordi vi aksepterer at kvinner og menn legg nye meiningar i gamle tradisjonar.

Eg meiner vi kunne vore like rause med jenter og kvinner som vel å bere hijab.

EKSIL: Kari Bergset forsvarte i desember 2019 si doktorgrad om foreldreskap i eksil. Foto: Privat

Aisha kom inn i stova då eg intervjua foreldra hennar til doktorgradsprosjektet mitt om foreldreskap i eksil. Samarbeidet med skulen var tema akkurat då. Aisha fortalde om tida på ungdomsskulen då ho byrja å gå med hijab. I bursdagsselskap kunne venninnene seie: «Du kan ta av deg hijaben no, vi skal ikkje seie noko til foreldra dine». Liknande utsegner kunne ho høyre frå lærarar, for eksempel i gymtimane.

Både til venninner og lærarar svara Aisha at hijaben ikkje hadde med foreldra å gjere, at dette dreia seg om forholdet mellom henne og Gud. Dette svaret hjelpte ikkje.

Gjennom heile ungdomsskulen heldt dei fram å føreslå at ho kunne ta av hijaben når foreldra ikkje kunne sjå henne. Forholdet mellom henne og Gud, det var meininga Aisha gav denne tradisjonen.

Kva rom gjev samfunnet vårt til hennar forståing? I staden les vi ofte utleggingar om hovudplagga sitt historiske, kvinneundertrykkande opphav i hijabdebatten.

Dei to jentene får ulik respons i vårt samfunn. Det romantiske frieriet er blitt svært vanleg mellom ungdommar. Eg har ikkje sett nokon uttale seg negativt om denne skikken og det kvinnediskriminerande opphavet. Kvifor er det slik skilnad mellom dei to jentene sitt rom for å legge eiga meining i tradisjonar?

Vi legg ulike meiningar i våre eigne tradisjonar, sjølv om dei ser like ut. Kven i vårt samfunn har fridom til å gje dei si eiga meining utan å bli motsagde?

Er det så enkelt at det dreier seg om dei og oss? Eg trur det. Når det gjeld skikkane vi praktiserer, som er etablerte i vestlege samfunn og er blitt vanlege i Noreg i dag – slik som frieriet og far si rolle under «brurevigsla» – vil vi helst ikkje minnast om opphavet skikkane har.

Ungdommane får lov å gje det si eiga meining. Vi nikkar, vi står i kyrkjebenkene tårevåte og rørte når brura blir ført inn av far sin, vi synest det er romantisk, og vi tenkjer ikkje på at det har opphav i ein forelda, kvinneundertrykkande tradisjon.

Annleis er det med skikkane som er framande for oss, og som dei praktiserer. Om kvinner og jenter gjev hijaben meining i form av «forholdet mellom meg og Gud», som eit uttrykk for å høyre til kulturelt, som ein politisk protest, som mote eller ein måte å vere kvinneleg på, blir det ikkje høyrt. Iman Meskini har samla over tre hundre stemmer om hijab, der unge jenter legg svært ulik meining i sin eigen hijabbruk.

Så lat oss sjå nærare på frieriet som tradisjon.

Turid Noack framstilte i 2001 truloving i nordisk etterkrigstradisjon som ei felles avgjerd i paret med utveksling av ringar til begge. Ho sette dette i kontrast til nordamerikansk tradisjon, der berre kvinna pleier å ha trulovingsring.

Folkelivsforskaren Audun Kjus sitt materiale frå 2015 tyder på at unge i Noreg etter tusenårsskiftet oftare praktiserer mannen sitt frieri, og at berre kvinna har ring. Kulturpåverknad frå USA blir lagt fram som sannsynleg forklaring.

Når det gjeld norsk historie, viser Kjus korleis det mannlege frieriet og eventuelle løyve frå kvinna sine foreldre, heng saman med materielle og juridiske tilhøve i tidlegare generasjonar, der eigedom og inntekt har vore menn sitt domene. Løyve frå foreldre måtte innhentast fordi dei betre kunne vurdere friaren sine økonomiske utsikter enn den unge kvinna kunne.

Kvinna sin trulovingsring som rådande skikk i USA, blir problematisert av Meghan O’Rourke, redaktør for The Yale Review. Ho ser kvinna sin ring som eit «Adgang forbudt»-teikn, teiknet på at ho er kjøpt og betalt for, medan den trulova mannen går rundt utan teikn på at han er oppteken.

Dette er ein av grunnane til at ho meiner diamantar er ei jente sin verste venn, det motsette av diamantindustrien sitt kjende slogan.

Forbod mot menn sine frieri og fedrar si rolle i brurevigsla er utenkjeleg. Vi har tillit til ungdom si eiga nyskaping av meininga i skikkane.

Eg ynskjer at ein flik av denne tilliten også kan kome unge hijabbrukarar til del.

Publisert
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg