Flytryggleik og pasienttryggleik er to sider av same sak

Ved å leggje AMK-sentralen for Luftambulansen (AMK-LA) til Helse Bergen vil både flytryggleik og pasienttryggleik bli godt ivaretatt.

Publisert:

LOKALISERINGSKAMP: Helsemiljøa i Bergen og Stavanger kjempar om å få ansvar for den nye akuttmedisinske sentralen til Luftambulansen (AMK-LA). I dette innlegget svarer Helse Bergen på kritikk frå Stavanger-miljøet. Foto: Marita Aarekol (arkiv)

Debattinnlegg

Hanne Klausen, klinikkdirektør Kirurgisk serviceklinikk; Øyvind Østerås, avdelingssjef Akuttmedisinsk avdeling; Thomas Geisner, leder Regionalt Traumesenter

Helse Stavanger meiner vi spreier frykt og snakkar ned våre kollegaer ved å seie at liv kan bli spart ved å legge denne til Bergen. Vår intensjon er på ingen måte å devaluere andre gode fagmiljø.

Når det gjeld flytryggleik, har ei breitt samansett regional arbeidsgruppe konkludert eintydig at Bergen og Stavanger er like kompetente. Ein uttale frå flygesjefen i Norsk luftambulanse AS stadfester dette. Det eine AMK-LA skal gjere, er overvaking og oppfølging av helikopter for å ivareta flytryggleiken, såkalla «flight following».

Denne funksjonen er i stor grad stadsuavhengig. Men verdien av å kunne stikke innom AMK-LA og diskutere siste koordinering og flight-following etter nokre av oppdraga, talar for at flytryggleiken kan ivaretakast vel så bra i Bergen.

Les også

Bakgrunn: Helse Vest vil bestemme hvem som får AMK-sentral i mai

Men LA-AMK er mykje meir enn ein flygeledar-funksjon. LA-koordinering betyr å bistå legen i helikopteret som «det fjerde crew-medlemmet». Det handlar ikkje om at traumekirurgane våre skal overprøve dyktige Luftambulanse-legar, eller å undergrave kompetansen og avgjersla deira. Vi ønskjer tvert imot å understøtte og trygge dei – til pasienten sitt beste.

LA-koordinatoren i Bergen vil, fordi dei jamleg har kontakt med regionalt traumesenter, kunne spele luftambulanselegen endå betre, og kunne gi råd om kor pasienten skal transporterast. Ei samlokalisering av AMK- LA og regionalt traumesenter vil sikre at hardt skadde pasientar vert frakta direkte til rett sjukehus utan forseinkingar.

Det kan spare liv.

Les også

Akutt-sjefen på Haukeland: – Herfra kan det spares liv

Haukeland universitetssjukehus har kompetansen som trengs for å fylle alle rollene ein AMK-LA-sentral skal ha. Som regionsjukehus med regionalt traumesenter, er vi den sentrale arenaen når store beredskapshendingar skjer på Vestlandet, og vi er det sjukehuset i regionen med størst pasientstraum inn til sjukehuset med luftambulanse. Vi har det mest omfattande kirurgiske tilbodet i regionen innan både nevrokirurgi, thoraxkirurgi (hjerte/lunge) og brannskade, og eit omfattande intensivmedisinsk tilbod.

Alle pasientar på Vestlandet kjem ikkje til Haukeland. Det er flotte sjukehus med kompetente medarbeidarar langs heile kysten. Vi samarbeider om å løyse oppgåvene kvar dag, heile veka, året rundt. Det skal vi sjølvsagt halde frem med.

Les også

Fagfolk ved Stavanger universitetssykehus: – Haukeland bidrar til unødvendig frykt

Poenget vårt er at i toppen av pyramiden er det nokon som skal ta det dei andre ikkje kan eller skal ta: Dei mest alvorlege skadane og dei mest avanserte behandlingane som krev stor kapasitet og spissa kompetanse. AMK-LA er ein vesentleg byggestein i den sentrale beredskapsfunksjonen på Vestlandet og må derfor liggje på regionsjukehuset.

Dette blir støtta av både Helse Førde og Helse Fonna, og av styreleiarane i alle helseføretaka i vest. Å leggje AMK-LA-sentralen til regionsjukehuset er òg i samsvar med praksisen i dei andre regionale helseføretaka i Noreg.

Publisert:
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg