Kvinner må sleppe å krangle seg til ein fødeplass

DEBATT: Bunadsgeriljaen har starta ei folkeopprør. Det trengst.

BLÅLYSBABYAR: Det er født over 1000 blålysbabyar på tre år, heime på kjøkkengolvet, på badet, eller i stova utan jordmor til stades. Eller i fly, på ei vegskulder i eigen bil, taxi eller ambulanse. Det skjer ikkje utan risiko, skriv stortingsrepresentant Kjersti Toppe (Sp). Knut Egil Wang

Debattinnlegg

Kjersti Toppe
Stortingsrepresentant (Sp)

Vedtaket om å legge ned fødeavdelinga i Kristiansund har ført til politisk unntakstilstand i Helse-Norge. Direktøren i Helse Møre og Romsdal har gått av, kommunestyre har sagt opp sine lovpålagde samarbeidsavtalar, og jordmødrer har slutta i protest.

Over 80.000 har slutta seg til Bunadsgeriljaen, som er fleire enn Høgre og Framstegspartiet sin medlemsmasse til saman. Vedtaket til helseføretaket innebar at kvinner på Nordmøre ville få tre timars reiseveg til fødeavdeling, som er avstanden Bergen – Førde.

15. mai vedtok styret i Helse Møre og Romsdal å utsetje nedlegginga. Bunadsgeriljaen er nok ei viktig årsak til helseføretakets heilomvending. Geriljaleiar Anja Cecilie Solvik uttalte til Dagsavisen 8. mai at vi har ein kvinne- og barnefiendtleg fødselspolitikk her i landet.

Ho har rett. Fødekvinner skal sleppe å legge seg inn på hotell fordi dei ikkje tar sjansen på å bu heime ved termin, eller å tigge og trygle seg inn på kvinneklinikken når fødselen startar. Kvinner skal sleppe å ende opp med å føde i ein taxi på veg til sjukehuset, fordi reisevegen er blitt så lang. Kvinner som skal føde må sjølvsagt få ei seng å føde i og tilgang på kyndig fødselshjelp. Det skulle vel berre mangle? Eller?

Det har vore ein stor debatt dei siste åra om rettferdig prioritering i helsevesenet. Men kva er viktigare enn å gi kvinner og barn god fødselshjelp? Kva velferdssamfunn har vi om vi skal kutte også her?

Erna Solberg (H) vil at vi skal føde fleire barn. Men ho og regjeringa er gniten når det gjeld fødetilbodet vårt. Ifølgje Verdas helseorganisasjon er det i dag allereie for få fødeinstitusjonar med akuttfunksjon i Norge. Risikoen for ikkje å nå fram til fødeinstitusjon, er dobla på 30 år. Av rundt 56.000 fødslar, vert om lag 350 ufrivillig født utanfor fødeinstitusjon kvart år.

Over 1000 blålysbabyar på tre år, født heime på kjøkkengolvet, på badet, eller i stova utan jordmor til stades. Eller i fly, på ei vegskulder i eigen bil, taxi eller ambulanse. Det skjer ikkje utan risiko.

Les også

Kvinneklinikken: Tredobling av uønskede hendelser

Det er ein klar samanheng mellom reiseveg og helserisiko for mor og born, viser forsking leia av Hilde Engjom ved Universitetet i Bergen. Kvinner med ikkje-planlagt fødsel utanfor institusjon har nesten fire gongar så høg risiko for at barnet dør under fødsel eller i løpet av fyrste levedøgn.

Dei mest risikofylte fylka for å føde utanfor institusjon er Finnmark og Sogn og Fjordane. Fylka med flest transportfødslar i 2017 var Akershus, Oslo og Hordaland. Det viser at presset også mot dei store fødeklinikkane er stort. Liggetida er redusert, og skal vidare ned til timar. Fødande blir avvist eller bedne om å vente lengre heime. Det er blitt med fødesenger som med skjenkjeløyva: Dei er vanskelege å få – men lette å miste.

Eg har sjølv født seks born. Eg trur ikkje eg er veldig storforlangande. Men det var eitt krav eg etter kvart sette til fødeavdelinga: At jordmor måtte vere hos meg når eg skulle føde. Eg var lei av å oppleve jordmødrer kome – og gå att. Men bemanninga på fødeklinikkane gjer at dette ofte er realiteten. Tru meg.

Å ha ei jordmor hos seg under aktiv fase av fødselen, blei i 2010 faktisk eit punkt i Helsedirektoratets nasjonale kvalitetskrav til norsk fødselsomsorg. Éin til éin-omsorg har vist seg å vere ein viktig faktor for å fremje normale fødslar. Men dessverre er det er uvisst om dette punktet i dag blir følgd opp av helseføretaka. Om det er jordmødrer nok.

Eg slutta dessutan å ringje fødeavdelinga heimanfrå. Eg spurte ikkje om «lov» til å kome inn då riene starta. Eg berre ringde frå bilen og sa at vi var på veg. Så la eg på. Vi føder fort i min familie. Eg er sjølv fødd i ein bil. Eg orka ikkje å argumentere eller krangle meg til ein fødeplass.

Les også

Mor forteller om skrekkopplevelse på KK: «Jeg ville heller født tvillinger på nytt»

Dessverre er eg ikkje aleine om desse opplevingane. Kvinner som ikkje når fram til fødeavdelinga i tide, føler seg avvist, viser ein ny studie frå Høgskulen på Vestlandet. Dei opplevde at dei måtte «forhandle» med fødeavdelinga om eigen fødsel. Kvinnene fekk høyre at dei vil bli sendt heim om dei kom inn utan å vere i fødsel. At det var fulle avdelingar og mangel på senger.

Ei kvinne i undersøkinga med tidlegare styrtfødsel bak seg, fekk beskjed om å legge seg ned, ta ein paracet og ringe tilbake seinare. Ei av dei fødande fortalde at ho var nøydd til å lyge for å kome til fødeavdelinga. Kvinnene skildrar jordmødrene som «portvaktarar», som over telefonen definerte når fødselen deira var i gang, og avgjorde om og når dei skulle få ambulanse. To av kvinnene i undersøkinga blei nekta ambulanse og enda med heimefødsel. Kvinnene i undersøkinga påpeikte at sjølv om alt gjekk bra til slutt, var det ikkje takka vere profesjonell helsehjelp. Nettopp.

For min eigen del gjekk det også bra. Men må det vere slik at ein må føde tre- eller fire ungar før ein taklar norsk fødselsomsorg, og lærer seg triksa for å unngå å føde i grøfta? Bunadsgeriljaen har starta ei folkeopprør mot denne utviklinga i fødselstilbodet i Norge. Det trengst.

Det held ikkje å vise til at Norge har den lågaste barnedødelegheita nokon sinne, at det uansett er trygt å føde på veg til sjukehus og at det i dei fleste tilfelle går veldig bra, som statssekretær Lisbeth Normand hevda til NRK 18. mai 2017. Også Bent Høie har i debatten vist til at kvinner over heile landet er godt nøgde med fødsels- og barselomsorga. Men undersøkinga Høie viser til, har ikkje spurt kvinnene som ikkje nådde fram.

Det hjelper lite med «robuste» fagmiljø på den store kvinneklinikken, om ein blir avvist eller ikkje når fram og føder aleine på badet i staden. Det er faktisk ikkje særleg attraktivt å føde fastspent på ei båre, heller.

Lange avstandar i distrikta og kapasitetsproblem i byane er i dag ein trugsel for eit godt fødetilbod, som kvinner og barn treng og fortener. Dette snakkar vi for lite om!

For det er ikkje det same med ei jordmor på naborommet, eller ei jordmor på telefon 18 mil unna, når pressriene startar og barnet ligg langt nedi bekkenet.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg