ADHD betyr ikkje at du er dum

Publisert: Publisert:

TRU PÅ MEG: Ha tolmod med oss som har ADHD, skriver 14 år gamle Sabine Berle Schalck. Foto: PRIVAT

Debattinnlegg

Sabine Berle Schalck
Skuleelev, Fjell.

Har du nokon gong slite på skulen? Eller kome for seint på jobb, fordi du mista telefonen og brukte ein time på finne han att? For deg skjer kanskje dette av og til, men for folk med ADHD er det daglegdags. Du mistar ting. Du vert distrahert. Du sit i ein heil time før du kjem i gong med oppgåva du har fått.

Sjå føre deg at du endeleg har kome deg på jobb etter endå ein travel morgon. Mobilen var borte, bussen køyrde frå deg, så du måtte sitje på med naboen, og du innsåg at lunsjen låg att på kjøkkenbenken heime.

Du sit deg ved pulten og skal starte arbeidet. Dagens oppgåve er å lese ein rapport og skrive ein kommentar til denne. Din første tanke er: «Åh, hjelpes, dette var ein lang tekst». Ein tilleggsvanske for nokre av oss med ADHD, er nemleg dysleksi. Du byrjar å lese, men bokstavane driv med vassgymnastikk på skjermen for å skremme deg unna. Det fungerer.

Innhaldet i teksten forsvinn som vassdamp på spegelen etter du set på badevifta, og det vert mykje artigare å sortere blyanter for å gjere noko anna. Leveringsfristen nærmar seg og stresset aukar. Du har ikkje skrive ein einaste setning. Du er dum. Du er ubrukeleg. Du får det ikkje til.

Når du endeleg byrjar å jobbe med oppgåva, har du ein time på å gjere deg ferdig. Du rekk akkurat fristen, men tanken om at noko er feil, melder seg. Neste dag får du vite at du ikkje hadde gjort ein dårleg jobb. Det var faktisk ganske bra, men du tenker framleis på at du kunne gjort det betre. Du er dum. Du er ubrukeleg. Du får det ikkje til.

Kjære deg som ikkje har ADHD - ha litt tolmod med meg. Tru på meg. Eg gjer så godt eg kan, og når du trur på meg, så går det bra. Som regel.

Publisert:
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg