Elbilen er ein klimabløff

DEBATT: La oss no sjå på om elbilen er så klimavenleg som mange trur.

Publisert Publisert

ELBIL: Skal Tesla og andre elbilar ha noko for seg må kolkraftverka erstattast med reine energikjelder, skriv innsendaren.

Debattinnlegg

  • Bjarne Bjørnestad
    Vik i Sogn
iconDenne artikkelen er over seks år gammel

Det rår for tida ei sterk tru på at alle avvik frå normalt vêr, varmebølgjer, kuldebølgjer, flaumar, tørke, stormar og ras skuldast global oppvarming som kjem av menneskeskapte utslepp av CO2. Dei som er sterkast i denne trua har til og med fått Nobels fredspris, men då snakkar vi om havstigning på 60 meter.

Null utslepp?

Norske styresmakter har derimot fått mykje kritikk for ikkje å gjera nok for klimaet. For å bøte på elendet skal ein no satse på elektrisk drift av bilar og ferjer.

Elbilen vert sett på som det beste klimatiltak ein kan få til. Den har jo null utslepp vert det hevda.

Staten lokkar med avgiftsfritak, gratis parkering, gratis bommar og ferjer. I byane får dei til og med køyre i kollektivfelta til plage for bussar og drosjer. Fylka satsar pengar på fleire ladestikkontaktar, mens ferjeselskapa murrar over tapte billettinntekter.

Krev meir energi

La oss no sjå på om elbilen er så klimavenleg som mange trur. For å køyre ein bil trengst ei energimengd som er avhengig av mange faktorar. Ein viktig faktor er vekta på bilen. Ein elbil er dobbelt så tung som ein tilsvarande bil med forbrenningsmotor så vektfaktoren her krev meir energi. Kvar kjem så denne energien frå? Batteriet i bilen er ikkje ei energikjelde, men eit lager for energi, og faktisk eit lite effektiv lager.

Ein må altså fylle på mykje meir enn ein kan ta ut att og straumen må produserast ein stad. Elektrisk straum er heller ikkje ei energikjelde, men eit middel til å transportere energi over lange avstandar.

Norsk vasskraft, svensk og finsk atomkraft er reine kraftkjelder, og dersom vi var sikre på at straumen kjem frå desse kjeldene har elbilen null utslepp. I det nordiske kraftnettet er også Danmark med og landet får det meste av krafta frå kolkraftverk som har store utslepp av CO2. I Noreg har vi meir enn nok vasskraft, og det vi ikkje brukar sjølv sender vi til Danmark som då kan redusere kolkraftproduksjonen.

Aukar straumforbruket

Vasskraftverka vil alltid gå for fullt. Det betyr at sjølv om Noreg, Sverige og Finland har nok rein kraft til eige bruk, så vil kolkraftverka i Danmark alltid ta toppen av straumforbruket her i Norden. Når vi aukar vårt straumforbruk med elbilar og elektriske ferjer, vert det mindre rein energi å eksportere og kolkraftverka må auke produksjon. Altså auka utslepp på grunn av elbilane.

I staden for å brenne bensin eller diesel i bilen, må ein altså brenne kol Danmark. Det kan vere ei passeleg oppgåve for til dømes Vestlandsforsking å finne ut kor mykje kol ein elektrisk bil brukar pr. mil. Eg er sikker på at å brenna kol i Danmark gjev større utslepp enn å brenna drivstoff i bilen.

Om CO2 har noko verknad på klimaet, spelar det inga rolle kvar gassen vert slept ut. Elbilen har ikkje null utslepp så lenge ein har kolkraftverk i straumnettet.

Reine energikjelder

Skal elbilen ha noko for seg må kolkraftverka erstattast med reine energikjelder. Det vil nok koma på sikt. Vi kan ikkje fortsette å spy drit ut i atmosfæren. Av reine kraftkjelder er det berre atomkraft som kan oppfylle kravet om stadig meir energi i verda.

Ein skog av vindmøller i eit rasert kystlandskap i Noreg vil ikkje løyse dette problemet. Finland har satsa på moderne og sikre atomkraftverk. Ulykka i Tsjernobyl kan ikkje brukast som argument mot dette.

Dagens atomkraftverk er bygde med heilt andre krav til tryggleik og teknologien vert stadig utvikla. Noreg kunne med sitt enorme overskot vore med på denne utviklinga i staden for å kaste vekk meir pengar på «månelandingar».

Publisert

Sakene flest leser nå

  1. Direkte nå: Siste nytt om koronasituasjonen

  2. 60-åring bosatt på Frekhaug omkom i ulykke

  3. – Ser jeg hvit ut? Snakker jeg gebrokkent?

  4. Politiet: – Bil snudde og kolliderte

  5. Polaris Media blir hovedeier av Sunnhordland

  6. Her klinker Bamba ballen i krysset

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg