Krev prevensjon i LAR

Det må bli slutt på at nyfødde barn blir påført sterke smerter, abstinensar og fare for alvorlege seinskadar.

Publisert Publisert

NO ER DET NOK: Helsedirektoratet tilrår gravide å halde fram med LAR-medisin. Vi meiner det er på tide å sjå på denne saka på nytt, skriv barneombod Anne Lindboe. ILLUSTRASJONSFOTO: SCANPIX

Debattinnlegg

  • Anne Lindboe
    Barneombud

Kjersti Toppe (Sp) skriv iBT 14. januarat ho vil at kvinner som er i legemiddelassistert rehabilitering (LAR-behandling) skal få tilbod om gratis prevensjon. Og så spør ho kva Barneombodet meiner om saka.

Anne Lindboe

Barneombodet meiner det må bli slutt på at nyfødde barn blir påført sterke smerter, abstinensar og fare for alvorlege seinskadar, fordi mor mottar metadon eller subutex under svangerskapet. Vi krev at kvinner må bruke langtidsverkande prevensjon for å få LAR-behandling. Vi veit nok om skadeverknadene barna får.Arbeiderpartiet:

Les også

Vi vil diskutere krav om prevensjon i rusbehandling

Nyfødde barn som er blitt utsette for metadon og subutex under svangerskapet, får abstinensar og smerter. Dei taklar ikkje berøring, og dei slit med å bli amma. Ein del av barna får også motoriske og nevrologiske seinskadar, som skadar på rørsle og syn.

Helsedirektoratet si retningslinje, som råder helsepersonell til å halde oppe LAR-behandling under svangerskapet, er snart fem år gammal. Den er nå moden for revidering. Barna blir utsette for ekstreme påkjenningar. Det er ein utruleg dårleg start på livet, og det burde vere nok i seg sjølv til å endre på denne retningslinja.

Lege Ola Jøsendal:

Les også

- Det fødes ikke rusavhengige barn

Skal prevensjon vere eit tilbod til kvinner i LAR-behandling, og ikkje eit vilkår, slik Toppe foreslår, er det viktig at langtidsverkande prevensjon blir ein del av behandlinga. Kvinna må få god informasjon og sleppe ekstra søknader og å måtte gå gjennom fleire instansar for å få gratis prevensjon.

Då retningslinja for gravide i LAR var på høyring, var eitt argument at vi har lite dokumentasjon på utviklinga til barn som blir eksponert for LAR-medisinar i svangerskapet. Sjølv om det var dissens i prosjektgruppa som skreiv retningslinja, og mange av høyringsinstansane uttrykte skepsis, valte Helsedirektoratet å tilrå gravide å halde fram med LAR-medisin. Barneombodet støtta ikkje dette. Nå meiner vi det er på tide å sjå på denne saka på nytt.

Publisert
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg