5 spørsmål til Helse Fonna

Når sjukehuset er så lite som det er, så skal det svært lite til før heile fagmiljøet raknar.

TAP: Om Odda mister traumemottak og all akuttkirurgisk verksemd, vil sjukehuset ikkje ha kompetanse til på ta i mot skadde pasientar, skriv Kjersti Toppe (Sp). Ørjan Deisz

Debattinnlegg

Kjersti Toppe
Stortingsrepresentant for Senterpartiet, Helsepolitisk talsperson

Administrerande direktør i Helse Fonna, Olav Klausen, vil avvikle all akuttkirurgisk verksemd ved Odda sjukehus og legge ned traumemottaket. Når styret i Helse Fonna skal behandla forslaget på styremøte 7. mars, bør det starte møtet med å repetere kvifor vi har helseføretak. Kvifor har vi Helse Fonna.

Helseføretaka sitt formål (jfr. Lov om helsefortak §1) er å yte gode og likeverdige spesialisthelsetenester til alle som treng det når dei treng det uavhengig av alder, kjønn, bustad, økonomi og etnisk bakgrunn, samt legge til rette for forsking og undervisning. Helseføretakslova gjeld og i Hardanger. Nasjonal helse – og sjukehusplan slår fast at sjukehus som i dag har akuttkirurgiske tilbod, skal ha dette når omsynet til pasienten gjer det nødvendig, og når kvalitet og pasientsikkerhet er ivaretatt. Denne planen gjeld og for Helse Fonna.

Les også

Helsedirektøren vil legge ned akuttkirurgien i Odda

Men om Odda mister traumemottak og all akuttkirurgisk verksemd, vil sjukehuset ikkje ha kompetanse til å ta i mot skadde pasientar. Spørsmåla til styret i Helse Fonna blir derfor:

1. Vil behovet for akuttberedskap i oddaområdet bli mindre i framtida? Vil odda-området sin krevjande geografi/topografi med fjord og fjell, som er utsett for snø, jord – og steinras , endre seg og gjere beredskapssituasjonen lettare i framtida? Kan ein stole på at ulykker skjer når det er flyvær?

2. Vil endringa gjere det meir interessant for indremedisinarar og anestesilegar å søke seg til Odda? Forslaget inneber nedlegging av turnusplass i kirurgi. Vil det styrke rekruttering til kommunehelsetenesta i Hardanger?

3. Anestesilege skal vere tilsett på døgnbasis sjølv om akuttkirurgi vert lagt ned. På Nordfjordeid sjukehus kostar tilsvarande anestesilegefunksjon om lag 4,5 millionar i året – utan at legen har planlagde oppgåver (dette i følgje Bent Høie sitt svar til Stortinget). Er dette rett bruk av økonomiske og faglege ressursar i Helse Fonna?

4. Norsk traumeplan tilrår at hardt skadde pasientar skal direkte til større sjukehus som har traumesenter. Men dersom reisetida blir over 45 minutt, bør pasienten innom lokalsjukehus for vurdering og stabilisering – før vidare transport. Kvifor skal dette ikkje gjelde for folk i indre Hardanger?

5. Vil styret, som administrerande direktør, avvikle det kirurgiske akuttilbodet fordi det er vanskeleg å få tak i kirurgar i Norge? Utdanning av generelle kirurgar held fram til 2022. Ny spesialistutdanning etter 2022 er ikkje vedteken. Fleire fagmiljø tek no til ordet for å sikre utdanning av generelle kirurgar som kan arbeide på lokalsjukehus.

I styret sine sakspapir står det at Helse Fonna ikkje vil spare pengar på omlegginga. Sparte ressursar skal brukast til å bygge opp andre tenester ved Odda sjukehus. Men alle som arbeider på sjukehuset, veit at mange pasientar treng kirurgisk vurderingskompetanse, sjølv om det ikkje fører til kirurgiske inngrep. Når sjukehuset er så lite som det er, skal det svært lite til før heile fagmiljøet raknar. Det kan det gjere om kirurgane reiser frå Odda. Ei slik utvikling vil gå ut over dei som Helse Fonna er til for, nemleg pasientane.