Tankar frå ei mamma til ein handyman

Samstundes som at Noreg manglar faglært arbeidskraft, fell ein heil gjeng med handverkarar utanfor allereie frå dei er seks år.

«Når hendene klør etter å bygge, går det berre ikkje å sitte i ro og skrive fullstendig uinteressante ting», skriv Rebecca Riise Bjerknes om sonen sitt møte med skulen.
  • Rebecca Riise Bjerknes
    Volda
Publisert: Publisert:
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Snart sommar og sommarferie. Snart overlevd tre år som skulemamma. Ved sidan av meg sit han på snart ni. Tett, tett inntil. Byrja å bli stor, framleis liten nok til at kos med mamma er godt. Oppfinnaren, planleggaren, strategen.

Hovudet kokar over av planar, medan garasjen ikkje har plass til bil fordi den er full av ulike byggeprosjekt. Han snakkar i veg om dersom vi tek røret frå der, og planken frå der, og den steinen der, kan vi lage ein kanon.

På tur finn han ei gammal grafse. Eit minutt etter er planen klar. Den skal han pusse opp og selje. Rett heim og sette gong. Han demonterer og pussar til den skin. Lagar gull av gråstein.

Han kan alle rollene og skodespelarane i Spiderman på rams og snakkar omtrent flytande engelsk. Kan gi att ordrett tekstane i alle rapsongane han høyrer på. Sug til seg informasjonen som interesserer han som ein svamp.

Men så er det noko han ikkje kan like godt. Det å vere skulegut. Han grein den fyrste dagen eg tvinga han til å fargelegge i lekse som seksåring.

Les også

Bilmekaniker: «Jeg ble rådet til å studere. Heldigvis tok jeg en annen vei.»

Det har vore tre lange år. Med brøling, med matboksar og lekser som flyg gjennom rommet, med tårevåte kveldar frå ein angrande «syndar». Det er ikkje av vond vilje, men når hjernen din er på høggir, og hendene klør etter å bygge, går det berre ikkje å sitte i ro og skrive fullstendig uinteressante ting.

Alle elevar i Noreg har rett på tilpassa opplæring. Systemet skal vere rigga slik at så mange elevar som mogeleg får utbytte av den ordinære opplæringa. Likevel ser eg guten min att i så mange andre gutar, eldre gutar, som det ikkje har blitt enklare for, men verre ettersom åra går. Eg ser han i statistikkar om skulevegring, og eg ser han i statistikkar om fråfall.

Skjebnane er mange, og dei kostar dyrt. Ikkje berre for desse, men for samfunnet.

Samstundes som at Noreg manglar faglært arbeidskraft, fell ein heil gjeng med handverkarar utanfor allereie frå dei er seks år. Eg er verken pedagog eller lærar, eg er mamma som tilfeldigvis også er samfunnsøkonom, og dette er ikkje god samfunnsøkonomi.

Innlegget vart først publisert i Utdanningsnytt.

Publisert: