Sei du tullar? VY?!

I dag går ein togelskar og språkelskar med sørgjebind. Er det mogeleg!? Kvar har fornufta og hjarta tatt vegen?

MISFORNØYD: VY?! NSB er ei felles historie. Og det er ikkje ei historie me har lese oss til, nei det er ei historie me har reist med, ei historie me har brukt og skapt, skriv Linda Eide. Fred Ivar Utsi Klemetsen

Debattinnlegg

Linda Eide
Journalist og programleiar

Eg var ikkje på jobb tysdag 12. mars, og fekk melding frå min gode kollega i språksjovet, Halvor Folgerø:

«I dag burde vi hatt ekstrasending. Med sørgjebind. Dette er berre så trist og meiningslaust.»

Vedlagt var ei lenkje til NRK.no: «Vy er NSBs nye namn»

Eg trudde det var tull. At Halvor hadde sendt meg ein spøk i god tid før fyrste april.

I Eides språksjov har me saman sukka over meiningslause namnebyte, kledd av dei, stilt dei ut som dei sjellause, historielause, liksomnamna dei er.

Les også

Kraftige reaksjoner på at NSB blir til Vy: – Galskapen vil ingen ende ta

OsloMet og Media City Bergen. Norec i staden for Fredskorpset, Bane NOR i staden for Jernbaneverket, Fjord1 i staden for Fylkesbåtane.

Namn som har betydd noko for mange, vore ein del av kvardagen, vore ein del av språket, er blitt skifta ut av grunnar som er like uforståelege som retorikken dei blir lagt fram med.

Så forstod eg at det var sant. Halvor tulla ikkje. Eg las saka. Og eg fekk ein kroppsleg reaksjon. Den kom momentant. Eg fekk lyst til å kasta opp. Eg vart motlaus og aggressiv på same tid.

Men kvifor vart eg det? Kva var eigentleg dette? Ingen var døde, eg var ikkje skada, eg hadde ikkje tapt pengar, ingenting var tatt frå meg.

Jo, det var nettopp det. Noko var tatt frå meg. Noko som var meir verdifullt enn hadde tenkt over, var tatt frå meg. Og med kva rett? Kva rett har dei som no tek namnet NSB frå meg, til å gjera det?

NSB er ikkje eit tilfeldig klesmerkje eller ein ny trend som treng eit nytt namn. NSB er ei felles historie.

Og det er ikkje ei historie me har lese oss til, nei det er ei historie me har reist med, ei historie me har brukt og skapt.

Les også

BT meiner: – Pinleg for NSB, pinleg for regjeringa og pinleg for Noreg

Me har historier om å komma fram, om å ikkje komma fram, om å oppdaga tog for buss, om konduktørar med ein hjelpelaus engelsk, om konduktørar som har kasta oss av på fyrste stoppen.

(Ja det var meg, i Haugamoen, Hardangerbana, skuletoget. Men han som no er ordførar på Voss har rekorden, han vart kasta av før toget var byrja å gå!)

Me har sagt namnet NSB ein million gonger. NSB sit på ei nasjonal gullgruve i namnet og sine raude tog. Og så vel dei seg anonym gråstein.

GULLGRUVE: Me har sagt namnet NSB ein million gonger. NSB sit på ei nasjonal gullgruve i namnet og sine raude tog. Og så vel dei seg anonym gråstein, skriv Linda Eide. Berit Roald, NTB scanpix

Og ja, eg veit at det er jernbanereforma og demonteringa av eit statleg drive jernbaneselskap som gjer dette mogeleg.

Og eg veit at det kan komma større forandringar for meg som reisande enn eit namneskifte. Men likevel vart eg heilt sett ut. Og eg skreiv dette:

«I dag går ein togelskar og språkelskar med sørgjebind. Er det mogeleg!? Kvar har fornufta og hjarta tatt vegen? Eig me ingenting av vår eiga historie lenger?

Kan verkeleg enkeltpersonar og styrer berre knabba ho, riva ho i bitar, forakta ho, finna ho verdilaus i møte med, ja i møte med kva? Korleis kan nokon få lov til å stilla seg så suverent over vår felles historie, våre felles kjensler, og berre skrota namnet NSB? Namn er ikkje berre namn.

Namn er forteljingar, om oss, om vårt, og i dette tilfellet også forteljinga om dei som var før oss.

Ein trist dag. Eit trist namn. Og Vy er berre dropen som får begeret til å renna over.»

Les også

Språkrådet ikke imponert over NSBs nye navn

Eg skreiv dette på min private Facebook. Etter ni timar hadde ti tusen respondert på innlegget, og seks tusen hadde delt det.

Og mange av kommentarane handla om den same kjensla som eg hadde. Å vera fråteken ei felleseiga. Og det handla om ei avmaktskjensla. Kjensla av å ikkje ha ei stemme i denne prosessen.

Språk er makt. Makt kan misbrukast. Å kasta vrak på namnet NSB til fordel for Vy kjennest som språkleg maktmisbruk. Og det gjer vondt i sjela. Og eg trur ikkje heilt på det enno.

Enno trur kroppen min inst inne at Halvor når som helst skal senda meg ei ny melding:

«Slapp av Linda, det var ein spøk. Herregud, dei ville jo aldri funne på noko så komplett idiotisk. Skal me ta ein kaffi, og le litt av deg?»

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg