Dei fleste som har spelt fotball eller heldt på med organisert idrett, er stort sett einige om at kampar og konkurransar er det kjekkaste med idretten. Herrelaget til juniorane til Bremnes trenar eit par gonger og har ein kamp i veka. Kampen er gulrota.

I dei fem første vekene av haustsesongen fekk dei berre spelt tre av fem oppsette kampar.

Alle høyrer til i hordalandsfotballens storby, Bergen. Ta til dømes denne kampen: Han skulle vore spelt ein søndag, noko som bind Bremnes-spelarane for resten av helga med tanke på alternativ som festing, reising og anna.

Rundt frukosttid på søndagen kom beskjeden. Laget har ikkje nok spelarar.

Det synest eg er merkeleg. Dette er eit stort idrettslag som står oppført på Hordaland sine fotballsider med heile fem juniorlag og sju gutelag for 2018-sesongen. For at det skal gå opp, kan ein tenkje seg at dei har om lag minst 150 aktive fotballspelarar i alderen 15 til 19 år. Då er det rart at dei ikkje klarer å stille med 15 mann på Bømlo for å spele kamp.

Men om det er slik at dei ikkje har nok folk, burde dei visst om det før søndag morgon.

Eg kan ikkje tru at eit idrettslag av ein slik storleik har fått over 100 fråfall over natta. Det er nok heller ei orsaking for å sleppe å bruke søndagen på bil- og ferjetur over fjorden frå Bergen til Bømlo.

Det er ikkje berre ei orsaking, det er ei dårleg orsaking som diverse Bremnes-lag har vore offer for fleire gongar i sesongen i mange år. Eg hugsar med gru ein kamp som blei avlyst då eg sjølv spelte fotball. Det var eit lag frå Bergen som meinte dei ikkje kunne stille til kamp fordi dei mista ferja. Ferja frå Halhjem til Sandvikvåg går kvart tjuande minutt eller kvar halvtime i helgene …

Så då tenkjer ein. Kva er det som ligg i botnen for at den eine kampen i sesongen, eller kvar andre sesong, borte mot Bremnes skal vere så vanskeleg å få til?

Før kunne det handle om pengar. Det kan sjølvsagt framleis vere tilfelle. Eit lag som ikkje møter til kamp i juniorklassen, påfører klubben sin ei bot på 2500 kroner, det doble om dei ikkje seier ifrå seinast dagen før, ifølgje Norges Fotballforbund. Dei pengane vil i dei fleste tilfella bli dekka av klubben.

Ei reise for eit juniorlag frå Bergen til Bømlo for å spele kamp, vil med grov hovudrekning koste ein stad mellom 2000 og 3000 kroner. Spelarar og trenarar vil truleg spare noko inn på personlege utgifter til drikke og mat som ei dagsreise krev, men totalt sett er dette for lite utgifter til at eg trur at det er årsaka til ein avlyst kamp.

Eg trur det er mangel på respekt som ligg i grunnen. Det verkar som om det ikkje har noko å seie for samvitet til trenarar, spelarar, foreldre eller klubb berre å droppe den reisa til Bømlo. Det synest eg er sjokkerande. Trist.

I junioravdelinga i denne serien er det 12 lag. Alle lag, utanom Bremnes og Stord, held til i Bergen. Stord har hatt fem bortekampar i Bergen. Bremnes har hatt seks. Kun to lag har måtta reise på bortekampar i haust til både Bømlo og Stord.

At ein kamp blir avlyst eller utsett, er i utgangspunktet ikkje så gale. Men når det er snakk om tre kampar innanfor eit tidsrom på halvannan månad, kan det ha store konsekvensar. I alle fall når det sit 15 ungdommar heime i helga og har lagt planar til side for den eine kampen på søndagen, som blir helgas høgdepunkt.

Då er det tungt å svelgje på søndagsmorgonen at motstandaren ikkje kjem likevel. Det drep motivasjon, lyst og idrettsglede.

Det er mykje snakk om fråfall frå fotballen blant norsk ungdommar. Eg meiner slike tilfelle bidrar til at mange går lei og byrjar å prioritere annleis. Og eg forstår dei. Det er trist.