Ferdaminne frå Nordhordland hausten 2018

Etter nokre dagar heime på haustferie, skulle eg ta bussen til Bergen, slik at eg kunne kome meg tilbake til Oslo. Det var lettare sagt enn gjort

LANG REISE: Etter fire bussar hadde eg brukt over to timar frå Fjellanger i Nordhordland til Bergen. Sist gong eg tok same ruta med buss, tok reisa rett i overkant av ein time. Om eg hadde køyrt bil, hadde turen tatt om lag 55 minutt, skriv innsendar. Rune Sævig (arkiv)

Debattinnlegg

Kristian Fjellanger
Forfattar

Eit av Halldis Moren Vesaas sine mest kjende dikt er kjærleiksdiktet «Ferdaminne frå sommaren 1985» – når ho i ein alder av 85 klina med kjærasten sin i heisen mens den gjekk oppover i etasjane.

Flaks for Haldis at ho ikkje skulle klina mens ho sat på buss i Nordhordland. Då hadde ho blitt sår på haka. For det tek si tid.

Ordet ferdaminne er eit ord som vekkjer positive assosiasjonar, med fine minne frå ein kjekk tur. Men å ta buss i Nordhordland bidreg meir til irritasjon.

Eg er frå Lindås. Eller nærmare bestemt Fjellanger, ei bygd mellom Lindås og Vågseidet. Om du har køyrt frå Lindås mot Bergen, så har du truleg køyrt gjennom tunnelen. Den strakaste veg. Der bur det ikkje ein kjeft.

Om du har køyrt «Fjellangersvingane» som tek to-tre minutt lengre, så har du køyrt forbi ein del hus. Her bur både ungar, pensjonistar av ymse slag og folk i arbeidsfør alder – ei ganske vanleg bygd i Noreg.

FORBETRING?: Meiner fylkeskommunen og Skyss at rutetilbodet og reisetidene som no er i Nordhordland er ei forbetring, spør Kristian Fjellanger. Privat

Etter nokre dagar heime på haustferie, skulle eg ta bussen til Bergen, slik at eg kunne kome meg tilbake til Oslo. Det var lettare sagt enn gjort. For bussen gjekk jo gjennom tunnelen. «Skyssappen» føreslo først at eg skulle gå 21 minutt ut til Lindås, slik at eg kunne hoppe på bussen før den køyrde inn i tunnelen. Det kunne eg jo kanskje ha gjort, det var berre det at det regna vassrett, og eg hadde ein svært koffert. Så det slo eg frå meg.

Då foreslo appen at eg kunne ta bussen 08.34 til Lindås og venta der til klokka vart ni, for å så ta bussen vidare til Knarvik. Eg så gjorde. Når eg sto der i busskuret medan regnet piska og vinden kraup inn i alle holrom på kroppen, såg eg på plakaten som hang der. Den gjorde det klart at den bussen som skyssappen viste, ikkje eksisterte.

Så då måtte eg ringa Skyss og spørje kva som gjaldt, plakaten eller appen? Dama forsikra meg om at bussen skulle kome klokka ni. Det gjorde den – nesten. Kanskje det hadde vore ein traktor, ei ku i vegen eller kork i Mongstad-krysset, for den var nærare eit kvarter forseinka. Så då kom eg til Knarvik klokka 09.47. Då hadde eg brukt nærare halvanna time sidan eg låste døra på Fjellanger. Hadde eg køyrt bil, hadde turen vore unnagjort på 19–20 minutt.

Ein skulle og tru at når dette var den bussen som gjekk denne morgonen, at den korresponderte med ein buss til Bergen. Den gong ei. Og så sto me der då. Dei reisande. På Knarvik Skysstasjon. Og venta. Billetten som eg kjøpte på Fjellanger gjekk ut, og for å vere sikker på å ikkje få bot, så kjøpte eg ein ny.

Les også

Er det for mye å be om at også Landås blir prioritert?

Når neste bussen køyrde ut av skysstasjonen nokre minutt over ti, var dei reisande gjort merksam på at denne bussen køyrde rett til Bergen Busstasjon. Om ein skulle andre stader i sentrum, måtte ein byte buss i Åsane. So praktisk. Buss nummer fire for å reise strekninga frå Lindås til Bergen.

Når bussen endeleg stogga i Bergen, viste klokka 10.41. Då hadde eg med andre ord brukt over to timar heimanfrå til Bergen. Sist gong eg tok same ruta med buss, tok reisa rett i overkant av ein time. Om eg hadde køyrt bil, hadde turen tatt om lag 55 minutt.

Det er då ein må stille seg spørsmålet: Vil Hordaland fylkeskommune og Skyss at folk skal ta bussen? Eller er dette tilbodet ein slags langsiktig plan for å byggje ned kollektivtransporten i distrikta? Eller vil de at folk skal velje bilen?

Det forstår eg godt at folk gjer, sjølv om me lever i ei tid der klimaendringane skjer i ein rasande fart, og folk ynskjer å vere med på den store klimadugnaden.

Hordaland fylkeskommune sine sider kan ein lesa at «Skyss har ansvar for å setje i verk strategiar og tiltak for å nå dei politiske måla for kollektivtrafikken i Hordaland og skal bidra til å forbetre og vidareutvikle kollektivtilbodet i fylket»

Meiner fylkeskommunen og Skyss at rutetilbodet og reisetidene som no er i Nordhordland er ei forbetring? For sjølv om det er ei vidareutvikling at ein no kan kjøpe billett på mobiltelefonen, hjelper det fint lite om det ikkje er eit busstilbod der folk bur.