For nokre veker sidan hadde eg alt

Ei natt tok livet mitt ei dramatisk vending. Airbagene og smellet er det eg hugsar.

ULYKKESSTEDET: Først i etterkant har eg vorte medviten på kva eg har gjort. Eg har sett livet til andre menneske i fare, såra familien min og skuffa meg sjølv og venner, skriv innsendaren. Rune Sævig

Anonym mann, Bergen

For nokre veker sidan hadde eg alt. God jobb, ein krevjande kvardag og eg gledde meg til det meste. Eg var ein god gut, med fine verdiar, vener og mål.

I vår møtte eg til og med ein herleg bygdejente med bein i nasen. Først via applikasjonen Tinder og deretter fysisk på utestedet Magda. Sidan den gongen har vi knapt klart å vera borte frå kvarandre. Ho er ein ekte einhyrning.

Hausten bød på fleire utfordringar. Høgt arbeidpress, ein kommande eksamen og tankar om eit tidlegare samlivsbrot gjorde at eg oppsøkte lege i desember. Tipset frå legen var trening. Løysinga vart Sobril, når han først såg på meg og pulsklokka mi. Eg ville berre sova.

Så ei natt tok livet mitt ei dramatisk vending. Airbagene og smellet er det eg hugsar. Adrenalinet gjorde meg medviten. Opp ned i ein totalvraka bil. Panikk etterfulgt av personleg krise.

Faksimile BT 16.12.18

Først i etterkant har eg vorte medviten på kva eg har gjort. Eg har sett livet til andre menneske i fare, såra familien min og skuffa meg sjølv og venner.

Einhyrning lauper galopp og har gjeve meg opp. Mange knuste hjarte, mest av alt to.

Eg vet ikkje kvifor og korleis det skjedde. Eg hugsar ein gøyal bytur med gode vener, leskande drinkar og drosja heim. Men så vert alt svart. Airbager, lukta av dynamitt og panikk er det eg hugsar. Ein køyretur utan noka form for meining.

Eg skadde ingen. Eg overlevde. Andre og eg hadde englevakt. Eurojackpot for andre, eit våkent helvete for meg.

Vit at eg skammer meg intenst. Vit at eg lid. Vit at eg sørgjer. Vit at eg ikkje forstår, men samstundes forstår konsekvensane.

For augneblinken er eg i det som best kan beskrives som ein livskrise. Ein perfekt storm som inneheld så altfor mykje vondt.

Eg håpar at du som les dette aldri gjer same feil som meg. At du aldri set livet til andre menneske i fare. For dette er ein oppskrift på å frårøva seg sjølv for alt du held kjært.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg