Vil Bergen vera Vestlandets blindtarm?

Det er på tide å bestemma seg: Vil Bergen vera hjartet i vår nye, vestlandske fylkeskommune? Eller er de nøgde med å vera blindtarmen?

Publisert Publisert

MÅLSAK: Å gjera nynorsken meir synleg i Bergen er å visa nærleik og kjærleik til det vestlandske nabolaget som Bergen lever i samliv og samspel med, skriv Vebjørn Sture. Foto: Karl Peder Mork (arkiv)

Debattinnlegg

  • Vebjørn Sture
  1. Leserne mener
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Tom-Christer Nilsen hevdar i BT at kollektivtilbodet ikkje er språkpolitikk, fordi det fyrst og fremst handlar om miljø og transport. Med slike lettvinte vendingar kan i grunn all språkpolitikk utdefinerast. Læremiddel på nynorsk? Skulepolitikk! 25 % nynorsk i NRK? Mediepolitikk! Klarspråk i staten? Effektiviseringspolitikk!

Heldigvis har Nilsens parti, Høgre, hatt ei heilt anna tilnærming då dei slutta seg til den gjeldande språkpolitikken i Noreg, nemleg stortingsmeldinga Mål og meining. Allereie i fyrste kapittel står det at språkpolitikken må vera sektorovergripande, som inneber å ta språkpolitiske omsyn der det er relevant – same kva for ein politisk sektor det gjeld. Med andre ord: Språkbruk er sjølvsagt språkpolitikk. Det gjeld òg når språket vert brukt i transportsektoren.

Les også

Nynorsken har aldri fått noko gratis

Med denne forvirringa av banen kan me gå over til sjølve saka: Kva for eit språk (eller målform, som det heiter i Nilsens språkfagleg vaklande resonnement) skal Bybanen profilerast på? Fylkestinget har sagt at det skal vera nynorsk, og eg meiner det er eit klokt val.

Lat meg her skyta inn at eg er blant dei som har vakse opp som bokmålsbrukar i ein etter forholda stor (og tidvis sjølvoppteken) vestlandsby. Altso har eg fyrstehandserfaring med korleis det er å høyra til fleirtalsspråket bokmål i eit bokmålsdominert miljø. Og utan å plaga lesaren med for mykje uhumske detaljar kan eg avsløra at i alle fall éin ting var heilt problemfritt: I Stavanger leid eg aldri av mangel på bokmål.

Les også

6 mytar om nynorsk som det er på tide å avkrefte

Derimot lir både nynorsk- og bokmålsbrukarar av mangel på nynorsk. Kvifor trur du, kjære bokmålsbrukar, at du sleit med sidemål på skulen? Var det fordi nynorsken er eit sjukt innfløkt kodespråk, smidd i hop av dei mest innfule kryptologane dødsriket hadde å oppdriva? Eller var det fordi du aldri fekk særleg med nynorskinnputt andre stader enn i norsktimen – og knapt nok der?

Meir nynorsk på Bybanen vil kanskje ikkje åleine gjera trearen om til ein femmar. Men det er eit steg i rett retning. Ikkje for å fortrengja bokmålet, men for å gjera nynorsk synleg i det offentlege rommet, på lik line med bokmål.

Saka har òg ein annan dimensjon, som salige Sjur Holsen sette fingeren på i 2011, i ein kommentar om et rausere Bergen. «Hvorfor ikke ta den vestlandske kulturen og den fremste vestlandske identitetsmarkøren på alvor og si at Bergen like godt skal være nynorskens hovedstad?» spurde Holsen.

Les også

Tom-Christer Nilsen: Kollektivtilbod er transportpolitikk, ikkje språkpolitikk

Og han gav seg ikkje der. Holsen fantaserte om at «noen bergenske institusjoner […] og kanskje endog noen bergenske bedrifter, løp linen helt ut og sa at nok er nok, her nyttar me nynorsk, her er me annleis!». Han argumenterte vidare med at dette ville vore «en sann kjærlighetsakt til alt det fantastiske, fargerike, fortsatt genuine Vestlandet vi bergensere er så gudbenådet heldige å ha rundt oss.»

I åra etterpå har Bergen, med bystyret i spissen, gått fleire steg i retning av kva Holsen føreslo. Bybanen kan vera eit nytt, stort steg i den retninga.

Folk kan kalla det symbolpolitikk alt dei orkar. Å gjera nynorsken meir synleg i Bergen er å visa nærleik og kjærleik til det vestlandske nabolaget som Bergen lever i samliv og samspel med. Det er ein veg til å verta det vestlandske hjartet. Alternativet er å vera den vestlandske blindtarmen, som fyrst og fremst har nok med seg sjølv.

Publisert
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg