Bom fast i fortida

BT sluttar seg til den grå politikken som styrer mot ei framtid der vi koker kloden med klimagassutslepp.

KRITISK TIL HORDFAST: Næringslivet her vest treng ikkje døgnopne fjordar og rasert natur, skriv Arild Hermstad (MDG). Foto: Ole Berg-Rusten / NTB Scanpix (arkiv)

  • Arild Hermstad
    Nasjonal talsperson, Miljøpartiet De Grønne
Publisert:

BT meiner i sin leiar 4. januar at framtida for Vestlandet blir betre dersom Hordfast-prosjektet får bompengar i 40 år. Avisa overser ei rekke fakta. Bompengar ikkje er egna med mindre trafikken skal ned, seier Victor Norman. Fjordasfalteringa over Bjørnefjorden vil truleg vere det største naturinngrepet i Hordaland i nyare tid, seier fylkesmann Lars Sponheim.

Det blir enorme klimagassutslepp i bygginga, og det vil låse regionen vår fast i ei gamaldags tenking, kor omsynet til miljøet ikkje blir vektlagt. Næringslivet her vest treng ikkje døgnopne fjordar og rasert natur, men reine fjordar og levande økosystem.

Les også

Les BT-leiaren som Hermstad reagerer på: «Ei langsiktig investering»

Kvifor har ikkje BT oppdaga Vestlandsbana over Haukeli? Oppgradering av Bergensbanen kan aldri løyse behovet for å kople seg til verda med skinnegåande transport. Haukelibana kan gi reisetid mellom Bergen og Stavanger på 1,5 time, og 2,5 timar til Oslo. Ho vil koble seg til Jærbana og ein veksande region på Sørvestlandet. Arealforbruk, energiforbruk og kravet om miljøvennleg transport av gods og folk, gjer at dette er langt meir framtidsretta enn å svi av 40 milliardar på eit luftslott av ei fjordkryssing, og fleire hundre milliarder på ein kyststamveg.

Vi må bruke meir på bane og mindre på veg, og det vi brukar på veg, må gå til å gjere dei vegane vi har meir trafikksikre. Men i dag går meir enn 80 prosent av jernbaneinvesteringane til prosjekt på Austlandet. Kvifor krev ikkje BT og våre folkevalgte frå vest at det blir satsa stort på jernbane i vår region?

Vestlandet si storavis drøymer om ei framtid der Vestlandet skal asfalterast for å konkurrere med Austlandet og sikre økonomisk framgang. BT sluttar seg til den grå politikken som styrer mot ei framtid der vi koker kloden med klimagassutslepp, medan naturen forsvinn bit for bit og livet i fjordane blir truga av oppvarming, miljøgifter og plast. Vestlandet må bidra med å verne kystnaturen og seie nei til arealsløsinga som ligg i å satse vidare på privatbilar og trailare for å frakte folk og gods.

Eit grønt skifte krev eit heilskapleg grønt tankesett som fortsatt ikkje har fotfeste i BT.