Kvinne, kjenn din konto!

DEBATT: Vi tener 87 kroner for kvar 100-lapp ein mann tener.

TAPER: Sofie Marhaug og Mailiss Solheim ønsker ikke at kvinner skal fortsette å være økonomiske tapere. Eirik Brekke / Privat

Debattinnlegg

  • Sofie Marhaug
  • Mailiss Solheim

Kva er greia med kvinner og pengar? I alle økonomiske mål gjer vi det dårlegare enn menn. Vi tener mindre, sjølv om vi tar like lang utdanning og jobbar like lange dagar. Vi eig mindre, i aksjar og bustadsformue.

Den økonomiske likestillinga har stått på staden kvil så lenge vi har levd. Vi tener 87 kroner for kvar 100-lapp ein mann tener. Vi har om lag halvparten av bruttoformuen til mannen. Kjønnsforskjellane i formue startar tidleg – gutar under 19 år eig meir aksjar enn jenter på same alder.

Der gutar får aksjar til dåp og konfirmasjon, hopar det seg opp med gull og sølv i jentene sine smykkeskrin. Og når ein går av med pensjon, er det langt fleire kvinner enn menn som vert minstepensjonistar – ofte på grunn av deltidsarbeid eller omsorg for barn.

Den ufrivillige deltida rammar i hovudsak kvinner og ofte i dei såkalla kvinnedominerte yrka. Heile 72 prosent av dei som jobbar ufrivillig deltid, er kvinner, og helse- og omsorgssektoren er på mange måtar
både verst og best. Verst fordi så mange stillingar vert utlyst som deltid. Best fordi i denne sektoren er det mogeleg å rydde opp i ganske raskt.

Vi politikarar har eit ansvar for å gjere ei kursendring og sørge for sikre arbeidsplassar og ein sikker økonomi for spesielt kvinner, gjennom faste og heile stillingar. Vi ynskjer ikkje at kvinner skal fortsette å vere dei økonomiske taparane – vi er klare for å ta kampen!

Førestillinga om at kvinner og pengar ikkje heng saman, går langt tilbake i tid. Tidlegare var det ikkje lov for kvinner å gjere lønsarbeid, og dei fekk ikkje ha eigen bankkonto. Dersom ei kvinne arva formue, vart forvaltinga overført til hennar mann eller bror.

Desse haldningane lever i beste velgåande, og difor er den økonomiske kvinnekampen ein av våre viktigaste kampar.

Har du meninger? Send oss en e-post. Følg BTmeninger på Facebook!