Eg ber for dei som døydde ein tragisk død

DEBATT: Søndag 1. påskedag vakna eg av at mor mi grein i telefonen.

Publisert: Publisert:

UFORSTÅELIG: Når alt kjem til alt, oppstår slike situasjonar frå eit uforståeleg synspunkt, at nokon er meir verdt enn andre, skriv Sivanja Naguleswaran. Foto: Privat

Debattinnlegg

Sivanja Naguleswaran
Koordinator, Tamil Youth Organisation, Bergen

Mamma er eit kjenslemenneske, så eg sjekka telefonen. Den var full av nyheitsvarsel og meldingar. Seks bombeangrep, tre hotell, tre kyrkjer. I løpet av den neste halvtimen vart dødstala oppjustert til det dobbelte.

Klistra fast til mobilskjermen følgde eg med på nyheiter om to nye bombeangrep, medan dødstal, talet på skadde og råka steig jamt.

Som tamil og andregenerasjonsinnvandrar med foreldre som flykta frå borgarkrigen i Sri Lanka, er det vanskeleg å la vere å tenkje på fortida. I 2009 tok fleire tiår med borgarkrig slutt. Ein krig som starta som ein kamp om grunnleggande menneskerettar, ein kamp om å bli likestilt med resten av befolkninga i landet. Ein kamp som kravde altfor mange, og som fekk mange til å flykte frå heimlandet sitt; ein kamp mot undertrykking.

Som mange medium allereie har påpeikt, fekk borgarkrigen for 10 år sida ein blodig slutt. Vidare skriv dei at øya har bygd seg sakte opp igjen, gjennom økonomisk vekst og samhald blant folk. Samtidig har landet fått fleire kåringar for verdas beste reisedestinasjon og blitt eit av dei mest attraktive eksotiske landa å reise til. Det er dessverre ikkje slik eg hugsar fedrelandet mitt i åra etter 2009.

Eg veit at søndagens hending ikkje har noko med borgarkrigen å gjere, men eg klarar ikkje la vere å tenkje på likskapstrekka. Når alt kjem til alt, oppstår slike situasjonar frå eit uforståeleg synspunkt, at nokon er meir verdt enn andre.

Det siste tiåret har det vore mykje uro blant minoritetane på Sri Lanka. Seinast i fjor vart muslimar angripne av radikale buddhistar. I løpet av nokre dagar vart fire moskear, fleire hus, butikkar og køyretøy øydelagd av angrep. Nett som no, vart det fort innført portforbod der alle typar sosiale medium vart blokkert.

Alle ansvarlege politikarar sa i pressemeldingar at dei tok avstand frå handlingane, men likevel vart det ikkje gjort noko sikkerheitstiltak for å stoppe angrepa.

Dei siste dagane har ord vore vanskelege. Å sjå born ligge livlause som ein direkte konsekvens av enkelte individ sitt syn, opnar opp gamle sår. Sår som allereie har vore vanskeleg å lege. I ein slik situasjon kan vi ikkje gjere noko anna enn å be om at dei skuldige blir tatt og dømde på riktig vis.

Dette er også noko historia viser Sri Lanka aldri har gjort, og det er derfor vår plikt å presse staten for å få eit gyldig svar og resultat.

Minoritetsgrupper på øya har i lang tid kjempa for å få dei grunnleggande menneskerettane som eit menneske fortener. Å føle seg trygg i sitt eige land er ikkje eit ønske, men eit krav. Dei siste dagane har eg fått ufatteleg mykje omtanke frå mine kjente og kjære i Noreg, som spør om eg har det bra. Det same føler eg for folket der nede. Eg ber ikkje for landet Sri Lanka, men for dei sjelene som døydde ein tragisk død på ein fredeleg heilagdag.

Publisert:
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg