Nei, du er ikkje håplaus!

Du vaknar med vondt i magen. Du kjende det allereie før du la deg i går.

Publisert Publisert

FATT MOT! Kjetil Nordås har ei viktig melding til alle ungdommar som slit på skulen. Foto: Privat

Debattinnlegg

  • Kjetil Nordås
    Leiar for Dale Oen Academy
  1. Leserne mener

Det var jo ikkje som at du hadde venta noko anna. Det har blitt rutine. Som tannpussen. Som frukosten. Men du droppar frukosten.

Du står opp likevel. Kan ikkje gjere noko anna. Som for å lure deg sjølv til å tru det du allereie veit. At du blir på denne sida av dørstokken i dag også.

Foreldra dine seier at du må finne din eigen veg og finne meining i livet. Det seier læraren også. Men du finn verken veg eller meining i skulen. Kva meining er det i å binde seg sjølv fast med usynlege lenkjer ved pulten – igjen og igjen – og kjempe for å ikkje bryte ut? Det er som å slåst med nokon som sit på brystkassa di og fortel at dei bryr seg.

– Eg ser du treng armslag – sit i ro!

– Di meining er viktig – ikkje snakk!

– Du kan bli det du vil – du kjem til å stryke!

Det er som om nokon har laga ein godt asfaltert veg til deg. Men du er ein båt.

Ein sirkel passar ikkje i ein firkanta boks.

Og når ein dag nokon viser deg ein rund boks, passar du ikkje der eingong. Ikkje no lenger. Du har fått piggar.

Piggar som hindrar andre i å sjå det som er inni – summen av nederlaga: Manglande meistringstru. Sorg. Knust sjølvbilete. Null framtidshåp.

Det hjelper ikkje at alle drar i same retning når retninga er feil. Kven skal ha trua på deg når du ikkje trur på deg sjølv? Og korleis skal du få trua tilbake når ingen trur på deg?

Det verkar håplaust.

Les også

Andrine Bruland: – Hva er det vi holder på med? La gutta jobbe!

Men du er ikkje håplaus! Berre lamma. Bak piggane er du sterk, modig og kunnskapsrik. Spørjande og nysgjerrig. Ikkje på pensum, men på verda. Og du er sta.

Du kan få til det klassekameratane dine berre kan drøyme om. Oppdage at avgrensingane på skulen blir mogelegheiter andre stader. Oppdage at skulen utgjorde berre ei stille vik av det havet med mogelegheiter som ligg framfor deg.

Oppdage det brusande havet og bølgjetoppane som kan ta deg kor som helst i verda.

Oppdage at smerta i magen blir til kribling.

Oppdage deg sjølv og dine ressursar.

Berre du får byte ut blyanten med ein hammar og boka med naturen. For du lærer jo best om verda i verda. Då vil du forstå. Oppdage samanhengane og kreativiteten. Lære at veggen du møtte berre er eit trappetrinn på vegen.

At å feile er det same som å lære.

At livet er feiltastisk.

For du er ikkje håplaus. Og du gir ikkje opp.

Livet er ikkje over. Det byrjar no.

Du veit det berre ikkje enno.

Publisert
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg