På tide å gjeninn­føre bukking og handhel­sing?

DEBATT: Eg neia for rektor på min første skuledag i 1974. I dag er det nesten ingen born som viser respekt ved å bukke eller neie for vaksne.

FØRSTE KLASSE: Alle får nye klede til den store dagen, nye ranslar og flotte pennalhus. Men ei fin innpakning vert overflatisk, viss ungane ikkje får forståing for at også rektor og læraren er betydningsfulle, skriv innsendaren. Scanpix

Debattinnlegg

Anne B. Vassbotn
Mor til tre, Bergen

Å byrje i 1. klasse er ei særs stor hending i eit barn sitt liv. Barnet har gått og grugledd seg lenge. Og når første skuledagen endeleg kjem, er alle yre av glede og forventning.

Då eg sjølv skulle byrje på skulen, ein gong på 1970-talet, instruerte mor meg:

– Du må neie i det du får helse på rektor.

– Men, mamma, kvifor må eg neie?

– Å neie er eit synleg teikn på at du bryr deg om personen du helsar på. Det er rektor som bestemmer på skulen, og det er din jobb å lytte.

Då det vart min tur, handhelste eg og neia for rektor. Eg tenkte ikkje på om eg neide fordi alle andre gjorde det, eller fordi mor mi ville det. Små born gjer no eingong gjerne det foreldra seier, og stoler på at det er rett.

Tjuefem år seinare skulle sonen til ei venninne av meg byrje på skulen. Ho følgde han første skuledag, og dei gjekk inn i aulaen og sette seg. Rektor stilte seg på ei plattform, der alle kunne sjå han, og tok til å lese opp elevnamna. Sakte, klårt og tydeleg - slik ein rektor skal.

Ei jente i blå kjole reiste seg, gjekk opp på plattforma og handhelste på rektor og kontaktlæraren, men neia ikkje.

Rektor las namn etter namn og handhelsa. Men ingen av borna neia eller bukka! Venninna mi vart så paff at ho måtte klype seg i armen.

Men ho visste med seg sjølv at sonen hennar kom til å bukke. Og då det vart hans tur, leverte han eit tydeleg bukk. Også eit par andre elevar bukka.

Kvifor venninna mi vart så skuffa?

Les også

LES OGSÅ: Folkeaksjonen ja til mer folkeskikk

Ho syntest det var så trist at berre ei handfull elevar leverte eit tydeleg bukk, og at ikkje ei einaste jente neia.

At ingen neia, synest eg ikkje ho treng å ta så tungt. Kvinne- og likestillingskampen sette punktum for neiing for fleire tiår sidan. Men at berre nokre få elevar bukka, forstår eg at ho tykte var leitt.

I vårt materielle samfunn er det vanleg at alle born får nye klede til den store dagen. Og alle har nye ranslar og flotte pennalhus. Men det å ha ei fin innpakning vert overflatisk, viss barnet ikkje får forståing for at også rektor og læraren er betydningsfulle.

Skal eit barn kjenne at det har betydning, må det bli leidd av ein vaksen det stolar på. Kvar elev er viktig. Kvar elev er verdifull. Men også rektor og læraren fortener å bli sette, høyrde og respekterte.

Mykje av barneoppdraginga i dag skjer på dei små «prinsessene» og «prinsane» sine premissar, og å oppdra born er stundom ei einsam oppgåve. Ofte bur unge foreldre langt unna eigne foreldre, eller andre dei kunne ha spurt om råd.

Mange foreldre kjem frå heimar der det å ha respekt for personar med ansvarsfulle jobbar, ikkje blir sett på som viktig. Og når ikkje foreldra synest det er viktig, synest ikkje borna det, heller.

Små born treng stramme rammer og bør få minst mogleg «tja-svar» når dei berre er seks år. Er det på tide å gjenninnføre handhelsing, bukking og valfri neiing første skuledag?

Har du meninger? Send oss en e-post. Følg BTmeninger på Facebook!

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg