Bybanen er feminisme

Den er alt anna enn sløseri, den er det beste som har skjedd Bergen.

TREFFSIKKER: Både oss sjølve, men også for ungane våre, er det å satse på kollektivtrafikk det absolutt mest treffsikre, skriv Diane Berbain (SV) og Marthe Hammer (SV). Nikita Solenov

Debattinnlegg

  • Marthe Hammer
  • Diane Berbain

Mødrer i Bergen står opp for Bybanen, men ikkje Høgre sine mødrer. Høgre sine mødrer meiner Bybanen er sløsing av skattepengar, og skriv at det bur få barnefamiliar i sentrum. Fiffig, kven si skyld er det?

Høgre har styrt denne byen i tre periodar før dagens byråd, og har konsekvent stemt ned tiltak som kan gjere det attraktivt for barnefamiliar å busette seg i byen.

Her er tre enkle grunnar til at barnefamiliane har rømt sentrum:

  1. Det er ikkje attraktivt å busette seg i byen når luftforureininga er helsefarleg. Når Høgre styrte byen, var Bergen den byen i Europa med verst luftforureining. Bybanen saman med rushtidsavgift har vore det største grepet for å redusere biltrafikken og luftforureininga i Bergen.
  2. Barnefamiliane fekk ikkje barnehageplass i sentrum. Mange barnefamiliar ønskjer å bu i sentrum, men den vedvarande mangelen på barnehageplassar tvinga mang ein barnefamilie ut av byen.
  3. Barnefamiliar må ha ein stad å bu, med plass til alle barna. Med Høgre fekk vi hyblifisering i sentrum, mens krav til utbyggarar om større leilegheiter vart stemt ned.
Les også

I år får alle barnehagebarn i Bergen plass i sin eigen bydel

Og så var det mødrene da, oss mødrer. Som om det er tilfeldig kva reisevanar vi som mødrer og kvinner har? For kjønnsforskjellar gjer seg også gjeldande her. Det er stor forskjell i kvinner og menn sine reisevanar når dei får barn, viser ein studie frå TØI i 2014.

Når vi kvinner blir mødrer, endrar vi reisemønsteret vårt. Det har ingen effekt på pappaene. Kvinner tilpassar sin arbeidstid og sin avstand til jobb for å få familielivet til å gå opp. For kvinner er det avgjerande at det er kort veg mellom jobb, barnehagen og butikken. Og jo yngre barn ein har, jo viktigare er det med kort veg til jobb.

Transportforskarane seier det så tydeleg at det å bu i by, med kort veg til jobb, barnehage og butikk, gjer det enklare å jobbe fulltid for kvinner.

Bybane er feminisme. Kvinner køyrer mindre enn menn, og dei har kortare reiseveg til arbeidet. Dette er dokumentert gjennom forsking i fleire land, i lengre tid, også i Noreg.

Når vi i tillegg veit at færre kvinner enn menn har førarkort, og at fleire kvinner enn menn nyttar kollektivtrafikk (11 prosent mot 8 prosent), er eit godt kollektivtilbod mykje viktigare for kvinner enn for menn.

Dette kan sjølv ikkje Høgre-mødrene ignorere. Bybanen er ein suksess fordi den er effektiv, føreseieleg, universelt forma ut og går ofte.

Den nye reisevaneundersøkinga som kjem i år vil òg vise at kollektivdelen held fram med å auke, og ikkje minst at trenden med ikkje å eige eller ha tilgang til bil aukar. Det gjer det enda viktigare å fortsette å satse på kollektiv.

Les også

Filosof: – La oss slutte å sponse fossilbilisme og klimaskadelig atferd

Saman med oss kvinner, er det dei unge som tar kollektivtrafikk mest. Altså våre barn. Så for både oss sjølve, men også for ungane våre, er det å satse på kollektivtrafikk det absolutt mest treffsikre.

Allereie i dag er det mange barn som nyttar Bybanen kvar dag til og frå fritidsreiser, fordi den er enkel, føreseieleg, trygg og effektiv.

Høgre-mødrene kallar Bybanen sløsing av skattepengar. Kva med dei 1,4 mrd. i skattelette til dei aller rikaste i Noreg, kva med barnehagepengane til milliardærane i Trygge Barnehager AS, kva med det gigantiske fjordkryssingsprosjektet Hordfast?

Bybanen er alt anna enn sløseri, den er det beste som har skjedd Bergen, og ikkje minst for mødrene i Bergen.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg