For lettvint, Warloe

Språk og kultur kan ikkje strykast med nokre pennestrøk fordi nokon meiner nynorsk er forelda.

Publisert: Publisert:

MISNØGD: Henning Warloe er misnøgd med at Bergen berre får hovudadministrasjonen til regionen og for få arbeidsplassar, skriv Randi Førsund. Foto: Odd E. Nerbø

Debattinnlegg

Randi Førsund
Ansvarleg produsent/manusforfattar Hemnen-prosjektet

Henning Warloe går 14. november ut i BT og krev at Bergen får ansvaret for kultur i vestlandsregionen, som no er på høyring. Warloe er misnøgd med at Bergen berre får hovudadministrasjonen til regionen og for få arbeidsplassar. Vetle Leikanger blir vinnar med altfor mykje. Kulturen skal sjølvsagt til Bergen! Kva skal dei med kultur i Sogn og Fjordane, verdas vakraste reisemål? Warloe nemner ingenting om at Bergen er med i konkurransen til kulturministeren om å få huse kulturrådet.

Tysdag 15. november går viseformann i Bokmålsforbundet, Arve Waage, ut i same avis og krev at regionen skal vere på bokmål. Argumentasjonen for å handheve bokmål går på at dei som går inn for nynorsk er aktivistar. 90 prosent av brukarane i ein eventuell vestlandsregion er ikkje nynorskbrukarar. Identitet og tradisjon er lite relevant når fleirtalet har tala, kjem det fram hjå Waage.

Dette blir eit for lettvint spel om tunge, djupe og lange tradisjonar i vår region. Språk og kultur kan ikkje strykast med nokre pennestrøk fordi nokon meiner nynorsk er forelda gods frå fjern fortid. Heile det norske språk er under hardt press frå engelsk, både i næringslivet og i akademia. Skal vi droppe bokmålet fordi doktorgraden uansett skal vere på engelsk?

Les også

Bergen går for nynorsk

Det er vårt ansvar å forvalte språk og kultur i vår region. Vi har lange tradisjonar på Vestlandet som ein gong forma oss og la grunnlaget for dei vestlendingane vi er i dag. No ligg dei for hogg i tur og orden. Blant desse er kristendom, julegudsteneste og nynorsk.

Alle innfødde vestlendingar har røter eller band til både kristendom og nynorsk - enten dei likar det eller ei. Det som bryt med våre forfedre, er at vi ikkje lenger anar noko som helst om vår eigen religion. Vi har slik sett på ein knapp generasjon blitt framande i naturleg møte med eiga tru og språk. Korleis kan vi meine så mykje om noko vi knapt veit noko om?

Publisert:
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg