Ap vil ha arbeidsplassar no

Hadde vi ønskt omkamp i den konkrete saka, hadde vi skrive det.

FØRDEFJORDEN: Minerala som vi alle er avhengige av, må utvinnast på eit vis der vi minimerer miljøkostnadene . Odd E. Nerbø

Debattinnlegg

Hilmar Høl
Leiar i Sogn og Fjordane Ap

Det som truleg er historias mest gjennomdebatterte og -greidde ut gruvesak, deponiet i Førdefjorden, er tema for eit innlegg av min gode partifelle Reidar Staalesen (BT 21/3). Det har alltid vore ulike syn i denne saka, også internt i Ap, noko det truleg vil vere i lang tid. Men Staalesen bommar når han tek eit vedtak i Sogn og Fjordane Arbeidarparti til inntekt for sitt ønskje om omkamp.

Vi skriv at «regjeringa må leggje til rette for bruk og foredling av avgangsmassar frå gruve,- og mineralutvinning, og minst mogeleg bruk av deponi. Dette vil leggje grunnlag for ei forlenga verdikjede med fleire arbeidsplassar.»

Men ting tek tid, som Staalesen veit. Ikkje minst med sitjande regjering. Appellen vår handlar om det vi alle bør kunne einast om: Minerala som vi alle er avhengige av, må utvinnast på eit vis der vi minimerer miljøkostnadene, men maksimerer ressursutnytting og lokale gevinstar for arbeidsplassar og næringsutvikling.

Hadde vi ønskt omkamp i den konkrete saka, hadde vi skrive det. Vi vil ha arbeidsplassar no.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg