Eg eig ikkje klimaskam

Eg kjøper meg avlat for miljøsyndene mine, og det lever eg godt med.

Innsenderen vil gjerne fortsette å dra på sydenferie.
  • Sigurd Gärtner Askeland
    Fyllingsdalen
Publisert: Publisert:
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Eg vil gjerne redda klimaet. Men eg vil òg dra på sydenferie når hausten er som tristast. Eg vil ha skinke på skiva mi og pepperoni på pizzaen. Eg vil ikkje punga ut for ein elbil medan dieselbilen min framleis rullar.

Det er sikkert fleire enn meg som kjenner på denne indre dragkampen. Viss kollektivt dårleg samvit kunne påverka klimaet, hadde me nådd 1,5-graders-målet for lenge sidan.

Kan eg redda klimaet utan å gi opp sydenferien? Eg har sett på tala, og svaret er faktisk ... ja. Me nordmenn slepp i snitt ut tolv tonn CO₂ i året. Dette er eit øvre tak på kor mykje eg kan redusera CO₂ -mengda med personlege kutt. For å få til ein slik reduksjon må eg dessverre kompostera meg sjølv snarast. (Bokashi, ikkje varmkompost.)

Er det mogleg både å redda klima og leva som før? Sigurd Gärtner Askeland meiner han har ei løysing.

Eg vel å tru at eg er nokre tonn under tolv. Eg et lite kjøtt, har varmepumpe, flyr ein gong i året og kjøper ikkje ny bukse før den gamle er blitt uanstendig.

Det er dei neste tonna som sit langt inne. Økonomar har ein lov om «avtakande avkasting». Jo meir eg vil kutta, jo vanskelegare blir det. Eg vil ikkje ta med meg to ungar og tre koffertar på ein åtte timar lang buss-for-tog-tur for å treffa mine svigerforeldre.

Eg vil kjøpa ny bukse på ti minutt på H&M, ikkje bruka timevis på ein hippie-nettbutikk for å finna riktig storleik på ei økologisk hampbukse.

Les også

Ida (32) gikk inn i bilbransjen for å redde miljøet

For å komma meg ut av floken stiller eg meg dette spørsmålet: Bryr klimaet seg om det er mitt personlege utslepp som blir redusert? Er det greitt om eg reduserer det nokon andre slepper ut?

Klimaet bryr seg katten, så oppfølgingsspørsmåla blir:

  • Kva er den mest effektive måten å redusera utsleppa i verda på?
  • Kva er minst jobb for meg?
Les også

Ny skrivekonkurranse i BT: «Vi som lager jul» - vinn 10.000 kroner

Å finna svaret på det første punktet verkar som mykje jobb, som igjen kjem i konflikt med det siste punktet. Heldigvis er det folk som brukar livet sitt på å finna dei mest effektive tiltaka, slik at eg slepp.

Ved å donera nokre lappar til ein av desse organisasjonane, vil eg truleg redusera CO₂ -utsleppa i verda med meir enn tolv tonn.

Eg kjem til å halda fram med å eta skinke på skiva. Dieselbilen skal få leva nokre år til, og eg har nok ikkje sett Middelhavet for siste gong. Eg kjøper meg avlat for miljøsyndene mine, og det lever eg godt med.

PS: Eit triks for vidarekomne er å også få andre til å donera. Om eg får dette innlegget på trykk, skal eg kvila på laurbæra i årevis.

Gjer du nok for klimaet viss du kjøper «avlat»?

Publisert: