Bergenfest-sjefen stigmatiserer røykarane

Skal ei forby festivalrøyking, vil det seie at vanerøykarar ikkje kan gå på slike arrangement.

RØYKFRITT? Så lenge festivalar går føre seg i friluft, vert det formynderi utanfor alle fornuftens grenser med eit totalt røykfritt festivalområde, meiner Bjarte Ryland. Hedvig Idås

Bjarte Ryland
Tidlegare storrøykar

Eg var på Bergenfest laurdag i førre veke, og tykte at det var stas at så få røykte.

Men i ein kommentar til endringar i den svenske røykelova, som skal forby røyking på alle serveringsområder, helser festivalsjef Frank Nes eit slikt forbod velkommen.

Kommentaren kom i forkant av Bergenfest, og festivalsjefen hadde vel viktigare ting i hovudet enn å tenke særleg mykje over eit toskete svensk forbod.

At Frank Nes omfamnar ei stigmatisering og nærast kriminalisering av ei gruppe mennesker som slit med eit avhengigheitsproblem, er i beste fall tankelaust.

Eg vel å kreditere tankeløysa høg arbeidsmengde i ei travel tid.

Les også

Ny røykelov skaper hodebry for svenske festivaler

Så lenge festivalar går føre seg i friluft, vert det formynderi utanfor alle fornuftens grenser med eit totalt røykfritt festivalområde.

Vil du «eksportere» ditt «problem» til utanfor festivalområdet? La forbipasserande ta del i den «synda» du ikkje tolererer?

Å forby røyking i f.eks busskur er forståeleg, det er eit sterkt avgrensa område der ein gjerne står ei kort tid. Det er unødvendig å røyke på slike stader.

Eg var på Bergenfest i ni timar den laurdagen. Skal ei forby festivalrøyking, vil det med andre ord seie at vanerøykarar ikkje kan gå på slike arrangement.

Dei avhengige lyt berre la vere å gå på festivalar om dette vert innført i Noreg.

Festival skal vere artig. Det å gå i ni stive timar med kjeften full av snus/nikotintyggis tangerar ikkje eingong begrepet «artig». Berre på grunn av nokre «sensitive» nasebor.

Helsefaren ved passiv røyking utandørs i slike høve er vesentleg mindre enn alkoholmengda ein konsumerar og all forureining ein dreg i seg tur/retur til festivalen.

Som tidlegare vanerøykar (avhengig) veit eg kor vanskeleg det er å slutte, og det er ikkje få vanerøykarar som fyrer opp 25-50.000 kroner i årleg på ein vane som i beste fall sterkt reduserer helsa.

Vanerøykarar treng hjelp til å slutte, ikkje meir stigmatisering og fleire spark i dei edlare delar, korkje frå svenskar eller festivalsjefar.

Les også

Forsker: – Helsegevinsten er enorm ved å gå fra røyk til snus. Det er myndighetene lite villig til å opplyse om.

Frank Nes: Du eksluderer truleg omlag fem prosent av publikumspotensialet ditt (vanerøykarar) ved å støtte denne galskapen.

Sjølv vart eg fri ei nesten 40 års avhengigheit ved hjelp av damp (e-sigarettar), noko som er definert som eit «tobakksprodukt» og difor og vert råka av forbodet.

For eit par år sidan gjekk tidlegare helseminister og far til røykelova, Dagfinn Høybråten (KrF) ut og sa at den handsaminga røykarane vert utsett for no grensa til mobbing.

Vanerøykarar treng ikkje høgare tobakksprisar, fleire tøvete forbod eller vidare stigmatisering. Dei treng hjelp til å kvitte seg med eit avhengigheitsproblem.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg