Ein dyr tur!

DEBATT: Vanlege reisande bør ikkje bli skremt vekk av tariffen.

Publisert: Publisert:

DYRT: Innsendaren brukar 80 kroner på den to minutt lange ferda hit til Vatnahalsen. Det er altfor mykje, meiner han. Foto: Paul S. Amundsen / Bergens Tidende (arkiv)

Debattinnlegg

Sjur Didrik Flåm

Det går ein særprega jernbanebit frå Myrdal ned til Aurlandsfjorden – ein bit eg brukar både tidt og ofte. Somme gonger, på veg nedover, stig eg av på Vatnahalsen, første stasjon etter Myrdal. Det vesle stykket dit tek to minutt, men kostar 80 kroner. Eg gjentek: Åtti kroner for to minutt. Den billetten er dyr.

Eg ber NSB (Vy), Flåm utvikling – og kanskje Reiselivslaget i Aurland Herrad – om ein meir moderat pris. Grunnen er enkel: Turistar som reiser store deler av strekninga bør naturlegvis få lov til å betala både vel og vakkert for turen. Men besøkjande, hotellgjester, hyttefolk og syklande eller vandrande – som berre vil reisa mellom Myrdal og Vatnahalsen/Reinunga – bør ikkje bli skremt vekk av tariffen.

Publisert:
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg