Hjelp det at eg fyk mindre? Flyet går jo uansett.

Idet klimafornektarane døyr ut, vert dei erstatta av eit nytt problem: Klimapessimistane.

ØYDELEGGJANDE: Om me berre vart kvitt øydeleggjande og pessimistiske haldningar, hadde me vore godt på veg til å nå klimamåla, skriv Tiril Eiken. Sigbjørn Linga, Hordaland Folkeblad

  • Tiril Eiken
    Klimapolitisk arbeidsgruppe, Senterungdommen

Klimafornektarar er heldigvis ein utdøyande art. Det er ikkje lenger gjengs å meina at klimaendringar ikkje skjer, eller at dei ikkje er menneskeskapt. Problemet med global oppvarming går meir inn på oss no, men likevel kan det sjå ut til at det sitt langt inne å gjera noko med det. Slik eg ser det, er det er vel så hjelpelaust å ikkje vera villig til å gjera noko med problemet som å fornekta problemet.

For det er mogeleg å redda verda. Det vil krevja drastiske tiltak, men eg trur om me berre vart kvitt øydeleggjande og pessimistiske haldningar, hadde me vore godt på veg.

Kun ein av fire nordmenn trur me kan nå klimamåla. Kvifor? Eg trur me er redde for endringar som kan gje oss lågare levestandard. For me er jo privilegerte nordmenn som har bygd opp retten til å forureina nesten dobbelt så mykje som den gjennomsnittlege verdsborgar. Norske utslepp er jo svært små sett i eit verdsbilete, norsk olje er den mest klimavennlege, og me har råd til å betala klimakvoten. Men kva gjer oss så privilegerte at dette er greitt?

Utsleppet per nordmann er skyhøgt, og om alle skulle levd som oss, måtte me hatt 3,6 jordklodar. I tillegg er me er motlause i høve til å kutta utsleppa med 95 prosent fram mot 2050, slik klimalova seier at me må. Eg trur me må innsjå at det som øydelegg mest for å nå måla, er dårlege haldningar.

Les også

Tre av fire mener stenging av oljevirksomhet ikke hjelper klimaet

Me må bli einige om korleis me skal gå fram. Må me vraka dieselbilen for å kjøpa elbil? Hjelp det at eg fyk mindre? Flyet går jo uansett. Nett slike haldningar hindrar oss i å nå klimamåla. Ein bør heller tenkje at neste gong ein treng ny bil, bør ein gå for elbil. I mellomtida kan ein tenkje på kor mykje ein brukar bilen.

Flytrafikken er hovudsakleg styrt etter etterspurnad. Om me i fellesskap reduserer etterspurnaden etter fly, vil og flytrafikken gå ned. For me treng handling. På personleg nivå, lokalt nivå og internasjonalt nivå. Me treng ein klimapolitikk som gjer folk håp om at me kan redda verda, for elles kjem det i alle fall ikkje til å skje.

Dei klimapessimistiske haldningane gjer at klimadebatten i Noreg i dag manglar ein heil del sympati. For det er ikkje me som kjem til å leggja mest merke til klimaendringane. Som vanleg sit me på den grønaste tua. Det går kanskje ikkje like mykje innover oss, og me kjenner ikkje like mykje på trongen til handling.

Men ein må ha ei viss medkjensle, for dette er trass alt eit globalt problem, og me og vil også verta råka av endringa. Om me ikkje gjer noko for å hindra klimaendringane, vil klimaflyktningar skapa ein enorm flyktningstraum, og det vil vera utenkjeleg å driva den flyktningpolitikken regjeringa fører i dag.

Les også

BTs Jens Kihl: «Arbeidarpartiets landsmøte lukka Lofoten og opna næringspolitikken»

Me er små i Noreg, men me har likevel eit stort ansvar. Dei rikaste befolkningsgruppene med størst klimafotavtrykk må gå fremst og kutta mest, og klimaavtrykket til ein nordmann er rundt 30 gongar høgare enn klimaavtrykket til dømes ein nepalar. Dessutan ville det vore direkte usolidarisk at me i eit av verdas rikaste land ikkje går føre og kuttar mest. For vesle Noreg har altså eit avtrykk som svarar til 150 millionar nepalarar.

Sjølvsagt er me avhengige av at store land som Kina og India kuttar sine utslepp, men me får ikkje dei med oss på det om ikkje me er villig til å kutta vår del. Me treng at rike land som Noreg bidreg i kampen mot klimaendringane. Det må investerast i ny klimateknologi, og me bør innføra nye avgifts- og skatteløysingar som premierer klimavennlege val. Også må me endre haldninga vår. Me i vesle Noreg kan visa veg inn i det grøne skiftet. Me kan verta verdsleiande i gjennomføring av klimaløysingar i samfunnet, me har trass alt dei beste føresetnadane.

Opptatt av klima? Se flere innlegg og artikler på BTs samleside.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg