Det er ikkje kortsiktig tankegang å ta imot flyktningar!

DEBATT: Listhaug leflar med inhumane og nasjonalistiske straumdrag.

FLUKT: Mannskaper fra Siem Pilot reddet 176 personer fra en fiskebåt i går. De fleste fra Eritrea og Komorene. Bildet er fra 2016. Kripos / NTB scanpix

Ivar Bergsvik
Pensjonist

I A-magasinet 03.05 uttaler den nye eldre- og folkehelseministeren Sylvi Listhaug følgjande: «Mange tenker så kortsiktig. Ti tusen flyktninger i år, ti tusen neste år. Men hva betyr det om 50 år? Om 80?».

Har ein som utgangspunkt at å ta imot menneske på flukt er å lindra liding og naud og gje håp for framtida for menneske i ein håplaus situasjon, kan ein meir enn undra seg over at Listhaug meiner dette er «kortsiktig tankegang» for Norge. Indirekte rår ho nordmenn frå å visa empati, solidaritet og gje hjelp til menneske på flukt, for det vil ikkje komma oss til gode på sikt.

Då det sto på som verst med flyktningar frå Afrika over Middelhavet til Europa, uttalte kong Harald at Europa kan ikkje ta imot alle i Afrika. Sett med realistiske, menneskelege og etiske auge, vil få vera usamd med kongen.

For i motsetning til Listhaug, trur eg kongen ville lagt til, om han hadde fått høve til det, at vi får gjera så godt vi kan for å ta vare på desse stakkars menneska som set livet for seg og sine på spel over Middelhavet.

Statsråden og kongen sine haldningar, og ikkje minst retorikk, er diametrale motsetningar. Kong Harald viser stadig vekk at han står støtt planta i kristen humanistisk tradisjonen, ein tradisjon som store deler av den vestlege verda har stått bak etter krigen.

I flyktningpolitikken meiner eg statsråd Listhaug leflar med inhumane og nasjonalistiske straumdrag som står sterkt i dag blant anna i Ungarn, Italia og Polen, og som ser ut til å breia seg til fleire europeiske land. Målet er å få stengt grensene heilt for flyktningar, uavhengig av flyktningstatus. «Festung Europa».

Ser ein verdas utvikling i eit historisk perspektiv, meiner eg ein nasjons legitimitet er avhengig av at summen av nasjonale handlingar med verdigheit, er vesentleg større enn handlingar utan verdigheit. Tankegangen og haldningane våre over tid vil gjer noko med oss som folk og nasjon. Sylvi Listhaug bidreg i negativ retning. Det er statsråden som er kortsiktig i tankegangen i flyktningpolitikken!

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg