Kvinner har like viktige meiningar som menn

DEBATT: Frp-damene snakkar som om andre kvinner ikkje er like gode, eller har like viktige stemmer som menn i politikken. Det er eit stort problem.

KVINNER I FRP: Kun 17 prosent av Framstegspartiets toppkandidatar i nye Vestland fylke er kvinner. På biletet, Frp-representantane: Rita Navarsete, Nina Stabell Øvreås, Ruth Grete Østebøvik, Marte Monstad og Renate Møgster Klepsvik. Åserud, Lise / NTB Scanpix

Debattinnlegg

Linda Merkesdal
Vestland Arbeiderparti

I BT 4. mai kunne vi lese at damene i Frps fylkesutval syntest det er nedverdigande å bli kvotert inn i partiet. Frp har 17 prosent damer på lista til fylkesvalet. Dette er dessverre noko vi også ser i kommuneval.

Det er fleire parti som har ein låg kvinnedel på kommunevallistene. På nokre partilister står damer så langt nede at det er mest uråd å bli valt inn til kommunestyret. Faktum er at menn stemmer på menn, og kvinner stemmer på menn. Kvinner på listene er i større grad avhengig av å bli kryssa av på listene enn menn for å bli valt inn.

Les også

Frp-kvinner: – Å bli kvotert kan være litt nedverdigende

Tilbake til Frp-damene som synest det er nedverdigande å bli kvoterte. Det nedverdigande i denne uttalen, er at desse kvinnene snakkar som om andre kvinner ikkje er like gode, eller har like viktige stemmer som menn i politikken. Det er eit stort problem. Vi ønskjer mangfald i politikken! Vi ønskjer ulike meiningar!

Politikk må handle om hele livet til eit menneske – om det er vegen du køyrer på, eller barnehagen barnet ditt skal gå i, om det er nærbutikken du handlar i, eller om det er nærbutikken du prøver å drive.

Linda Merkesdal (Ap) Privat

Politikarane sin rolle må vere å jobbe for at stat, fylke og kommune kan ta vare på deg i ulike fasar i livet, i gode og dårlege dagar. Uavhengig av økonomi eller kjønn.

Politikk må handle om privatøkonomi. Du og familie din skal ha same høve som andre i lokalsamfunnet ditt når det gjeld skule, utdanning, helsehjelp og fritidsaktivitetar. Og – ikkje minst – at du, uavhengig av kva kjønn du er, får same lønn for same arbeid, same helserettar, same høve til å jobbe fulltid, same høve til å bruke stemma di, same høve til å vere ei viktig stemme i samfunnet, og at du derfor har lik mogelegheit til å stå på lista til eit politisk parti.

Kvinner og menn kan ha ulike tilnærmingar til same sak. Kvinner og menn har ulike, men like viktige utfordringar, vi må difor sikre at alle meiningar og ulik innsikt kjem med i diskusjonane og politiske avgjersle

I Arbeidarpartiet kallar det ikkje kvotering, vi kallar det statuttar. Vi har tiltru til at kvinner har like viktige meiningar som menn. Vi har 50/50 kvinne/mann på alle våre lister til stortings-, fylkes- eller kommuneval. Dette sikrar at alle stemmene i politikken kjem til orde.