Ikkje reint sjeldan står me på bussen i 80 km/t

Ei bussulykke med mange ståpassasjerar ville arte seg uhyggeleg.

Publisert: Publisert:

UTRYGT: Mange må i dag stå i bussane i Bergen. Det er verken logisk eller trygt, meiner Alse Teigen. Foto: Geir Martin Strande (arkiv)

Asle Teigen Foto: Privat

Debattinnlegg

Asle Teigen
Busspassasjer

Mange av oss hugsar strofa «ein bussjåfør, ein bussjåfør, det er ein mann med godt humør». Ein får då håpe at han er i same humør den dag i dag.

Han sit med mykje ansvar. Langt meir no, enn for nokre tiår sidan. Bussane tek fleire passasjerar, og etter det eg forstår, kring same mengd ståande.

Eg tek dagleg buss mellom Sotra og Møhlenpris. Ikkje reint sjeldan står menneske nesten som sild i tønne og det i ein fart opp mot 80 km/t. Er det noko logikk i det? Har nokon eit godt svar på kvifor det bør vere slik?

Eg spurde Statens vegvesen om trafikktryggleiken knytt til ståplass på bussane, og eg siterer litt frå svaret eg fekk frå fagseksjonen:

«Det vil krevje store ressursar å skulle montere setebelte i alle bussar, og i tillegg tilpasse kapasiteten slik at alle kan sitte sikret».

Slik eg skjønar svaret, ynskjer ikkje staten å bruke meir pengar på å sikre alle passasjerane.

Mennesket er eit rart vesen. Me ter oss som sauer når overmakta kjem med retningslinjer eller konklusjonar. Stuar oss saman og håpar på det beste. Ja, for ei bussulykke med mange ståpassasjerar ville arte seg uhyggeleg.

Det er heller ikkje triveleg å stå bortimot ein halv time, sliten etter ein arbeidsdag. Tidlegare, før Skyss sette inn nye bussar, valde dei gjerne å doble kapasiteten i rushtida. Slik er det ikkje lenger.

Bussane er lengre, men kampanjar har ført til fleire passasjerar. Av omsyn til miljøet er det flott, men av omsyn til passasjerane bør det bli fleire og sikrare bussar.

Publisert:
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg