Ver litt kompis

DEBATT: Drit i å blokkere ho, berre fordi ho ikkje var så flott som på Tinder-biletet.

DATING: Korleis kunne ein vere så tankelaus og tru at vedkomande ville ha noko meir?

NTB Scanpix (illustrasjonsfoto)
  • Stina Nordland (18)
    Masfjorden

Tusenvis av ungdom er i desse dagar i full gong med russetida. Mai er høgsesong for fyll, fanteri – og tilfeldig sex mellom unge. Ein høyrer om det overalt kor ein går: i klasserommet, i venninnegjengen, i garderoben og på fest.

Ein bieffekt av større openheit, er at ein høyrer mykje meir om kor dårleg vener, medelevar og framande vert behandla av medungdom. Sex har vorte mindre høgtideleg og meir kvardagsleg. Så kvardagsleg at det å vere grei mot motparten til tider forsvinn oppi det heile.

Stina Nordland

Privat

For mange er sjølve handlinga uproblematisk. Ein møtest gjerne på fest, snakkar litt ein periode, og avtalar til slutt å treffast. Men etterpå opplever mange at han eller ho ein har vore saman med, bryt kontakten heilt, og at ein aldri høyrer frå dei igjen. I staden for å vere vener og halde kontakten, hender det stikk motsette.

Ein kan oppleve å bli «ghosta» (les: bevisst ikkje svare på melding), fjerna på aktuelle sosiale media, eller blokkering. Den siste er kanskje den som svir mest – ein sit att som eit spørsmålsteikn, utan å vite kva ein gjorde gale eller sjanse til å finne ut av det. Det er lite kjekt, og diverre svært vanleg.

FOLKESKIKK: Ikkje blokkér ho, berre fordi ho ikkje var så flott i røynda som på Tinder-biletet, skriv Stina Nordland.

Bjørn Erik Larsen

For mange er eit eingongsligg ein pinleg situasjon i utgangspunktet. Om ein tenkte seg noko anna enn motparten, er det berre enda verre. Ein sit gjerne att med kjensla av å vere dum. Korleis kunne ein vere så tankelaus og tru at vedkomande ville ha noko meir?

At ein som ein har vore naken og forsvarslaus i lag med, forsvinn utan forklaring, unnskyldning eller anna, er respektlaust. Vi må skjerpe oss.

For å sei det kort – drit i å blokkere ho, berre fordi ho ikkje var så flott i røynda som på Tinder-biletet. Ver venleg å sei ifrå til han at du ikkje ynskjer meir enn denne eingongshendinga. Ver litt kompis.

Har du meninger? Send oss en e-post. Følg BTmeninger på Facebook!

Les også

– Nå gleder vi oss til å feire sammen

Les også

Sunniva (15) skrev debattinnlegg om idrettsglede: – Jeg trodde ikke det kom til å bli så mange reaksjoner

Les også

Den store kjærestejakten

Les også

– Det føles rart og trist at vi ikke har kommet lenger enn dette

At ein som ein har vore naken og forsvarslaus i lag med, forsvinn utan forklaring, unnskyldning eller anna, er respektlaust. Vi må skjerpe oss.

For å sei det kort – drit i å blokkere ho, berre fordi ho ikkje var så flott i røynda som på Tinder-biletet. Ver venleg å sei ifrå til han at du ikkje ynskjer meir enn denne eingongshendinga. Ver litt kompis.

Har du meninger? Send oss en e-post. Følg BTmeninger på Facebook!

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg