Solenergi er eit alternativ utan nedbygging av urørt natur

Bustadar, offentlege bygg og næringsbygg har mange uutnytta takflater.

Publisert Publisert

SPARING: Den produserte solkrafta kan nyttast til å redusere straumrekninga til den enkelte huseigar, skriv innsendarane. Foto: MICHAELA REHLE / REUTERS / NTB Scanpix

Debattinnlegg

  • Gaute Otnes og Heine Nygard Riise
    Forskarar ved Institutt for energiteknikk og FME Susoltech
  1. Leserne mener

Solkraft kan gi nærprodusert, fornybar kraft og lokal verdiskaping utan å ofre urørt natur, men er oversett som energikjelde i Noreg.

I førre veke vart rapporten Klimakur 2030 lagt fram. Elektrifiseringstiltak står for ein tredel av dei potensielle utsleppskutta og vil auke straumbehovet i Noreg. Samtidig rasar vindkraftdebatten vidare, med stor folkeleg motstand mot utbygging. I diskusjonane kring alternativ til vindkrafta har det betydelege solkraft-potensialet i Noreg i stor grad vore oversett.

Vi er rett nok ikkje like velsigna med sol som med vind og vatn, men det bør ikkje hindre oss i å bruke den solressursen vi faktisk har. Tyskland har berre rundt 20 prosent høgare solinnstråling enn Noreg, men produserer 800 gonger meir solkraft. Noreg heng altså langt etter på utnytting av solressursen.

Heine Nygard Riise (t.v.) og Gaute Otnes (t.h.) Foto: Privat

Bustadar, offentlege bygg og næringsbygg har mange uutnytta takflater og fasadar, med stort potensial for produksjon av solkraft. Sjølv med konservative estimat vil berre ein sjettedel av dette potensialet vere nok til å elektrifisere alle personbilar i Noreg.

Det er like mykje som ca 40 vindkraftanlegg lik det som byggast på Frøya. Og det finnast ingen grunn til at vi skal nøye oss med ein sjettedel, for utnytting av bygg til energiproduksjon har nemleg ei rekke fordelar.

Til dømes vil installasjonen ikkje krevje bygging av anleggsvegar eller liknande. Solcellene lagar heller ingen lyd, og dei har ingen rørlege delar som kan skade fugleliv.

Plassering av solceller på bygg mogeleggjer også desentralisert kraftproduksjon. Ved å produsere kraft på bygget der den i stor grad skal brukast, kan ein redusere behovet for overføring av kraft mellom regionar og landsdelar. Solkraft kan dermed bidra til å redusere behovet for utbygging og oppgradering av kraftnettet, som er venta å koste 135 milliardar kroner fram til 2028.

Desentralisert solkraft byr i tillegg på stort lokalt verdiskapingspotensial. Ved utbygging over heile landet er det naturleg å nytte lokal arbeidskraft for sal, distribusjon og installasjon. Vidare blir den produserte solkrafta brukt til å redusere straumrekninga til den enkelte huseigar eller bedrift.

Altså vil verdiskapinga, både frå utbygginga og frå kraftproduksjonen, bli verande igjen lokalt. Det er i kontrast til kva som ofte er tilfelle med andre typar kraftverk som byggast ut i store anlegg.

Trass i desse fordelane, står framleis solkraft for ein svært liten del av kraftmarknaden i Noreg. Historisk har dette kome av ein høg pris for solkraft, jamført med den låge norske kraftprisen. Men, utviklinga i solkraftbransjen globalt har endra biletet.

Prisen på solkraft har minka dramatisk, nesten 80 prosent sidan 2010. Det har ført til at prisen for straum frå ditt eige solcelleanlegg no er rimelegare enn straum frå nettet, også i store delar av Noreg, rekna over levetida til anlegget.

Den vidare utviklinga for solkraft i Noreg er likevel avhengig av dei politiske vilkåra, og det er fleire ting politikarane kan gjere for å sikre at vi raskt får ei god utnytting av solressursen. Til dømes bør ein i større grad ta initiativ til solceller på offentlege tak, behalde Enova si solcelle-støtte til privatpersonar, og utvide denne til å stimulere utbygging også på burettslag og landbruks- og næringsbygg.

Med politisk vilje til å dra marknaden ut av startgropa, ligg alt til rette for ei storskala utbygging av solkraft i Noreg. Ei slik utbygging vil gi lokal verdiskaping i heile landet gjennom meir nærprodusert og fornybar kraft, med lågt konfliktnivå og utan nedbygging av urørt natur.

Publisert
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg